Seks nye omsorgsbustader skal inn i investeringsbudsjettet for Vindafjord i 2007, har kommunestyret bestemt. Bustadene er for personar med psykiske lidingar. Behovet er meldt inn til fylkeslegen, men det blir først på eit seinare tidspunkt avgjort kor mange bustader kommunen får lån og tilskot til. Vindafjord har stort behov for denne typen bustader for å kunne ta imot pasientar med pleiebehov. Bustadene skal byggjast på nabotomta til omsorgsbustadene på Hauane.
Seks nye omsorgsbustader
Seks nye omsorgsbustader skal inn i investeringsbudsjettet for Vindafjord i 2007, har kommunestyret bestemt. Bustadene […]