Seks pågripne for narkotika

Dei er alle rundt tjue år gamle, frå Vindafjord, men har bur på hyblar i Haugesund. Pågripinga blei gjort i samarbeid med politiet i Haugesund og etteretningstenesta.  — Det var ein målretta aksjon mot ei gruppe frå eit belasta miljø i Ølen. Me har vore klar over desse lenge, og vil fortsetja å halda auga med, seier lensmenn ved Etne og Vindafjord lensmannskontor, Ingvard Gjærde. Dei pågripne både sel og brukar narkotika, hovudsakeleg amfetamin og hasj. I følgje Gjærde er dette personar som er med på å halda narkotikamiljøet oppe i Ølen.  — Dette er eit miljø som har fått vakse litt for fort, men me kjem til å fortsetja å halda fokus på dette, i samarbeid med politiet i Haugesund. Det nyttar ikkje å reisa til «byn» lengre og gøyma seg bort der, seier Gjærde. Han ber også om at andre skal opna augo for kva desse unge menneska held på med, slik at ikkje politiet står åleine mot miljøet.  — Det er mange foreldre som helst burde tatt seg ein tur ut til borna sine og sett korleis dei faktisk bur når dei er flytta i frå heimen, meiner Gjærde. 

Dei er alle rundt tjue år gamle, frå Vindafjord, men har bur på hyblar i Haugesund. Pågripinga blei gjort i samarbeid med politiet i Haugesund og etteretningstenesta. 
— Det var ein målretta aksjon mot ei gruppe frå eit belasta miljø i Ølen. Me har vore klar over desse lenge, og vil fortsetja å halda auga med, seier lensmenn ved Etne og Vindafjord lensmannskontor, Ingvard Gjærde.
Dei pågripne både sel og brukar narkotika, hovudsakeleg amfetamin og hasj. I følgje Gjærde er dette personar som er med på å halda narkotikamiljøet oppe i Ølen. 
— Dette er eit miljø som har fått vakse litt for fort, men me kjem til å fortsetja å halda fokus på dette, i samarbeid med politiet i Haugesund. Det nyttar ikkje å reisa til «byn» lengre og gøyma seg bort der, seier Gjærde.

Han ber også om at andre skal opna augo for kva desse unge menneska held på med, slik at ikkje politiet står åleine mot miljøet. 
— Det er mange foreldre som helst burde tatt seg ein tur ut til borna sine og sett korleis dei faktisk bur når dei er flytta i frå heimen, meiner Gjærde.