Ser berre eit luftslott

For knappe to veker sidan var Jan Helge Helander og Vikebygd Industripark AS på banen […]

For knappe to veker sidan var Jan Helge Helander og Vikebygd Industripark AS på banen med ein pressemelding som slo fast at canadiske investorar har sikra finansiering av eit søppelanlegg som skal kunne forbrenne 320.000 tonn avfall i året.
Denne gongen er det Clarington Investments Ltd. som skal vere hovudaktøren i anlegget som får ein prislapp på rundt ein milliard kroner. Det er eit canadisk selskap med oppgitt telefonnummer i New York.
Luftslott
Egil Sunde i Ålfjordens venner har lese pressemeldinga med lupe og prøvt å sjekke fakta rundt det siste utspelet frå Helander.
— Eg ser framleis på Helander sitt prosjekt som eit luftslott. Helander må bli meir konkret før vi kan ta dette seriøst. Eg har fått opplysning om at Vikebygd Industripark AS framleis ikkje er frigitt til Helander. Eg forstår ikkje at han kan gjere avtalar for eit selskap han formelt ikkje rår over. Det er fleire ting som skurrar i forhold til korleis industriutvikling føregår her i landet, seier Sunde.
Her er eit knippe av spørsmåla han stiller seg:
• Har Helander ein avtale med Clarington, eller berre snusar selskapet på prosjektet slik fleire har gjort tidlegare.
• Er det realistisk at Vikebygd skal brenne 320.000 tonn boss i året når den samla forbrenningskapasiteten i Oslo pluss nabokommunar er 250.000 fordelt på to anlegg.
• Når til dømes prosjektet på Spanne i Haugesund ser problem med å få økonomisk balanse, kva er då oppskrifta for suksessen i Vikebygd som skal gi internasjonale investorar profitt.
Urealistisk om arbeidsplassar
— Vi hadde direkte samtalar med William Martin då han var her. Det viste seg at han ikkje hadde konkrete avtalar med Helander. Martin hadde ingen klarering frå styret sitt, og han var i Noreg på synfaring. Dei ville ikkje gå inn då det kom til stykket, seier Sundve.
Han seier han er kjent med at fleire har prøvt å kome i kontakt med Clarington Investments Ltd., men utan å lukkast.
Sundve meiner også at det må vere eit luftslott at anlegget i Vikebygd skal gi arbeid til 200. Han meiner det meir reelle talet ligg rundt 60 dersom ein samanliknar med andre norske anlegg.
Økonomisk trøbbel
I pressemeldinga er Mickey Kalra i Clarington sitert på at han ser fram til å vidareutvikle samarbeidet med GIEK, ein god og viktig medspeler i arbeidet framover.
— Eg kan ikkje forstå kva Garanti-Instituttet for Eksportkreditt har å gjere med eit slikt prosjekt. Vi har ikkje fått verifisert om det er eit slikt samarbeid, seier Sundve.
Etter at amerikanaren William Martin var ute av bildet, kom ein ny amerikanar inn, Carlos Benites. Samarbeidet skulle skje gjennom DGI Norge AS som vart oppretta i november i fjor. Selskapet har like tvilsam økonomisk helse som Vikebygd Industripark AS, og har ei rekkje inkassokrav mot seg. Verken Benites eller DGI blir nemnt i pressemeldinga.
Helander har skaffa tilstrekkeleg aksjekapital i Vikebygd Industripark AS til å innfri grensa på 100.000 kroner. Men konkursbuet er enno ikkje frigitt fordi ikkje alle kreditorane har fått sitt.
Grannar fekk ikkje kontakt med Jan Helge Helander i går.