Sette verdig punktum i Vadsø

VADSØ: — Eg er veldig nøgd med sjetteplassen her i dag. Likeins at det blei […]

VADSØ: — Eg er veldig nøgd med sjetteplassen her i dag. Likeins at det blei sjuendeplass samanlagt i noregscupen, sa Bjørnar Larsen til Grannar i går ettermiddag. På det tidspunkt hadde Vindafjord-løparen nettopp gjort ei ny god konkurranse. Laurdag gjekk han inn til 13. plass i junior-NM i sprint. Sandeid-guten brukte sprintkonkurransen som oppkjøring til noregscupfinalen. 18-åringen fekk ein indikasjon på at forma var bra. I noregscupfinalen var det duathlon som stod på programmet. Det lokale håpet i eldre junior, tauga på konkurrentane i klassisk.
— Det kosta meg ikkje all verda å gå i tet, sa Larsen som bytta ski som nummer fire. Han fall ned to plasser på resultatlista og blei nummer seks. Bjørnar Larsen blei tredje best av 1987-modellane i finalen og samanlagt i cupen.
Thomas Vestbø gjorde også ein flott figur, sjølv om forma var betre for ein månad sidan. Han kapra ein tiandeplass og blei nummer åtte samanlagt. Før sesongstart ville det ha gitt høge odds. Trenarne og ikkje minst Bjørnar Larsen, er blant dei som har hatt klukketru på andreårsjunioren. Dei fekk rett i at han i vinter ville hevde seg i toppen.
Chris Jespersen har også hatt ein bra sesong. 15. plass på laurdagens 50-kilometer i NM. Han låg og kniva om åttandeplassen då han fall i Finnmark. Dermed mista han kontakta med resten av gruppa. Det kosta han ganske sikkert ei topp ti-plassering. Skånevik-guten fekk seg også ein smell då han fekk eit ublidt møte med laussnøen ved Varangerfjorden. Det lokale trekløveret utelukkar ikkje at dei vil gå eit turrenn eller to før sesongen er omme. Dei har imidlertid ikke lagt opp til fleire hardøkter i vinter.