Sikra eit nytt poeng

Gjestene frå Frakkagjerd var nærast sigeren i nesten-lokaloppgjeret mot Vats 94. I periodar av kampen […]

Gjestene frå Frakkagjerd var nærast sigeren i nesten-lokaloppgjeret mot Vats 94. I periodar av kampen pressa dei heimelaget kraftig, og to gonger song ballen i treverket bak Vats-målmannen.
Spesielt det første kvarteret var heimelaget kraftig på hælane. Etter ti minutt måtte ein Vats-spelar jamvel redda på streken bak ein uspelt målmann.
Kampen jamna seg meir ut, og begge laga hadde sine sjansar. Ti minutt før pause glapp ballen or hendene til Stegaberg-målmannen, og Kjetil Ohm var observant framme og netta for heimelaget.
Ikkje lenge etter, small den første ballen i stanga på andre sida av banen, men inn i mål ville han ikkje.
Kenneth Frøland kunne og burde ha gjeve Vars 94 ei 2-0-leiing. Han kom heilt åleine gjennom med målmannen, men han må ha trudd at det var blese for offside. Noko anna forklaring på kvifor han stoppa opp og vippa ballen opp i fanget på målmannen, er det vanskeleg å finna.
Rett før halvspela kamp serverte Stegaberg eit fint angrep. Ein flott forsering på høgresida og eit presis innlegg gav 1-1. Det var ikkje meir enn gjestene fortente etter at dei hadde hatt dei fleste og største sjansane i kampen. Like fullt var Kjetil Ohm nær ved å gje Vats 94 leiinga igjen, på overtid i første omgang.
I andre omgang var det målmennene på begge lag det gjekk hardast ut over. Eirik Selsaas på heimelaget skadde eit kne, og måtte hinka av banen. Endå meir dramatisk var det då Stegaberg-målmannen blei liggjande som livlaus i fem minutt etter ein duell med Svein Tore Haraldseid. Etter ein lang pause i horisontal stilling, greidde han å gå av banen ved eiga hjelp.
Spelemessig var det også etter pause Stegaberg som var nærast, med eit langskot i tverrliggjaren ti minutt før slutt. Litt tidlegare trudde mange at Kenneth Frøland hadde scora sigersmålet for Vats 94. Stegaberg-målmannen hadde ballen, men brått låg både han og ballen i mål, men tre-fire vatsspelarar oppå seg. Dommaren godkjende ikkje denne måten å scora på, og kampen enda uavgjort 1-1.

Fotball, 5. divisjon
Vats stadion
Vats 94 – Stegaberg 1-1 (1-1)
1-0 (35. min.) Kjetil Ohm
1-1 (44.min.) Stegaberg
Gule kort: Svein Tore Haraldseid og Inge Hansen, Vats 94, og ein Stegaberg-spelar.
Om lag 50 tilskodarar.