Sikrar seg friluftsområde

Ordførar Reidar Håvås fekk fleirtal både i formannskapet og i kommunestyret for sitt forslag om […]

Ordførar Reidar Håvås fekk fleirtal både i formannskapet og i kommunestyret for sitt forslag om at forhandlingsutvalet legg inn bod på området. Han ønskjer, saman med fleirtalet av politikarane, å halde området i offentleg eige. I kommunestyret tysdag stemte 12 for, medan seks politikarar var mot forslaget til ordføraren.
Mot rådmannen
Håvås sitt forslag forkasta dermed rådmannen sitt framlegg til vedtak. Det gjekk ut på at Vindafjord kommunestyre ikkje burde sjå seg råd til å kjøpe utmarksarealet til prestegarden. Administrasjonen burde likevel arbeide vidare med sikte på å leggje naudsynt band på drikkevasskjeldene i Skjold. Hovudgrunnen til rådmannen si tilråding var den økonomiske situasjonen i kommunen. Dessutan har ho også lagt vekt på at det dette siste året før samanslåing er viktig å halde ei restriktiv økonomisk linje.
Verdifullt område
Det er Opplysningsvesenets fond som har varsla at dei om kort til vil leggje det vel 1500 mål store friluftsområdet ut for sal på den opne marknaden. Fondet, som ligg under Kyrkje- og kulturdepartementet, er ein av landets største grunneigarar. Føremålet med salet er å rasjonalisere eigedomsstrukturen.
Utmarka til Skjold prestegard er eit mykje nytta friluftsområde. Både idrettslaget og turlaget i Skjold har uttrykt motstand mot at området skal gå over i private hender, og turlaget meiner også at området er viktig for tilflytting.
Nedslagsfelta til framtidige drikkevasskjelder ligg i utmarka til prestegarden, og kommunen sin hovudvassleidning ligg i store delar av området. Det er også løyve til å felle hjort i området.
I det vedtekne forslaget frå ordføraren ligg også at delar av området kan nyttast som tomteareal.