— Det byrjar å kome seg no. Det meste av grovarbeidet er ferdig, så no står berre finpussen att, seier leiar for Jakt, fiske og turdagane, Turid Straumsøy.
Arrangementskomiteen vil i år skryte spesielt av ungdommane i bygda.
— 10. klassingane har vore spesielt flittige på dugnadar, dei er ikkje redde for å ta i eit tak, seier Paul Tungesvik i arrangementskomiteen.
Gjerde rundt uteområdet
Etter å ha fått inn eit evalueringsskjema frå fjoråret, viste det seg at utstillarane inne i idrettshallen syntes det var urettferdig at det var gratis for publikum å vera på uteområdet. Det gav utstillarane som heldt til ute ein fordel. Dette skal arrangørane ta omsyn til år. Det vil bli sett opp eit gjerde, slik at ein også må betale inngangspengar for å kome inn på uteområdet.
— Eg forstår godt at dei reagerte på det, me lærer litt for kvart år, seier Turid Straumsøy og smiler.
Dommen har falle
På laurdag vert det kunngjort kven som kan briske seg med titlane Herr og Fru Villmark i det komande året.
— Me har ikkje fått inn så veldig mange forslag, men mange nok til at det vart vanskeleg å velje ut vinnarar. No har me i alle fall bestemt oss, og eg trur me har gjort eit godt val, seier Turid Straumsøy.
Nytt av året er at også utstillarane skal få noko å strekkja seg etter.
— Me skal i år kåre den beste standen, og har ein premie på lur til vinnaren, seier ho.
Økonomisk suksess
Både det fyrste året og fjoråret gjekk Jakt, fiske og turdagane med overskot. I fjor sat arrangørane igjen med 180.000 kroner.
— Det at me sit att med midlar gjer det lettare å få i hop arrangementet for kvart år som går. Me har investert i ein del utstyr som gjer at ting flyt litt lettare etterkvart, seier Turid Straumsøy.
— Kor langt er de komne i førebuingane?
— Me har fått opp dei fleste veggane til dei ulike utstillarane inne i hallen, og me har også fått på plass noko ute, mellom anna eit lite «basseng» der ungar skal få lov å fiske etter aure. Me starta på måndag, og ligg veldig godt i rute i forhold til tidlegare år. No står berre finpussen att, seier Paul Tungesvik i arrangementskomiteen.
— Eg såg at det er meldt fint vêr både fredag, laurdag og søndag, så det lovar godt for besøkstala, seier Paul Tungesvik.
— Me får berre ikkje håpe det blir altfor fint vêr, for då reiser vel folk til fjells sidan påsken var så dårleg, seier Turid Straumsøy.
Regn eller sol, alt ligg uansett til rette for fine messedagar i Skånevik til helga.