Skadd i møteulukke

Ei 55 år gammal kvinne som kom i retning Ølen, køyrde over i det motgåande […]

Ei 55 år gammal kvinne som kom i retning Ølen, køyrde over i det motgåande køyrefeltet og trefte ein møtande bil som kom frå Ølen, opplyser Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Bilen fekk rotasjon og hamna utfor vegen, medan personbilen til den kvinnelege føraren sklei omtrent 30 meter langsriksvegen før bilen stoppa på tvers. Den kvinnelege bilføraren fekk kuttskadar, men det var ikkje alvorleg. Den 28 år gamle mannen i den andre bilen, kom uskadd frå ulukka. Begge blei henta av ambulanse og frakta til sjukehus i Haugesund for nærmare undersøking.