Skakke konjakk

Ser det er nokre alkoholmotstandarar som engasjerer seg i konjakk-saka i Etne. Dårleg er det […]

Ser det er nokre alkoholmotstandarar som engasjerer seg i konjakk-saka i Etne. Dårleg er det at den er knytt til Amund Enge og Erling Skakke, og at alkohol kan vera livsfarleg for dei fleste. Det forundrar meg alltid at personar som aldri har smakt alkohol, eller har personleg erfaring med å nyta alkohol, har monopol på å ha rett når ein snakkar om alkoholens verknad.
Å drikka alkohol er nok ikkje så negativt som ein kan få inntrykk av når ein les desse innlegga. Derfor må utspela til desse personane vere basert på statistikkar. Desse personane har sannsynlegvis aldri drukke alkohol? I vennekrinsen er det sannsynlegvis heller ingen som drikk alkohol? Og de vankar heller aldri på plassar der det vert nytt alkohol, som til dømes restaurantar, pubar og nattklubbar? I så fall kan de ikkje ha noko personleg erfaring med det å nyta alkohol.
Utspel må i så fall vera vurdert på media sine reportasjar. Og når me ser på statistikkar så veit me at dei kan brukast akkurat i den retninga me synest passar oss best. Og sluker me det media skriv rått, må ein vera ganske så godtruen.
Grunnen til at eg ikkje ser så svart kvitt på alkohol beror på at eg har nærare 25 års erfaring med å nyta alkohol på ein edruelig og kontrollert måte. Eg har omgått venner og familie som har nytt alkohol på ein restriktiv måte heile livet mitt, og eg har 25 års erfaring med å besøke restaurantar, pubar og liknande som sel alkoholhaldige drikker.
Derfor har eg eit noko annleis syn på kva alkoholen ber med seg. Eg har mange erfaringar med at alkohol i godt lag har ført med seg utallige idear og kreative forslag som har blitt til både bedrifter, produkt og andre gode idear. Kreativiteten kjem ofte opp på eit godt nivå med nokre gode konjakkar innanbords. Rik på nye kjennskap og godt sosialt samvær er også noko som eg har gode erfaringar med.
Men for all del, eg er ikkje i tvil om at alkoholen kan vere farleg for mange, på lik linje med til dømes bilkøyring. Kjem ein ut av kontroll kan det lett oppstå ei ulukke.
Men poenget mitt er at ein må ikkje greie alle under same kammen. For den måten de framstiller bruken av alkohol på, skulle ein tru at alle som drikk alkohol er mindreverdige og ikkje heilt til å rekna med. Det er der de tek feil.
Og til slutt vil eg nemna overskrifta i eit av innlegga til Hans Olav Tungesvik i Grannar. «Kven knyter Etne og Erling Skakke til konjakk». Då må ein jo også nemna deg Hans Olav Tungesvik. Det er ingen som har marknadsført Skakke konjakken meir enn deg i det siste. Ta eksempelvis den redaksjonelle omtalen du hadde i HA. Den har sikkert ein verdi på fleire hundre tusen kroner.

Roy Martin Øyjord