Skjoldar får kvalifisering

5. divisjon Rogaland avd. 4 Skjoldar – Vats 94 2-2 (2-1) Skjold stadion 19. min. […]

5. divisjon Rogaland avd. 4
Skjoldar – Vats 94 2-2 (2-1)
Skjold stadion
19. min. Leif Arne Svendsbøe,
Skjoldar
29. min. Tomas Gausvik, Skjoldar
36. min. Morten Frøland, Vats 94
90. min. Remi Torgersen, Vats 94
Gule kort:
Kjerand Haugen, Skjoldar
Kurt Rødde, Skjoldar
Dommar: Wade Warren

Skjoldar skal spele kvalifisering, og får dermed ein ny sjanse til å sikre seg framleis spel i 5. divisjon neste år. Det stadfestar dagleg leiar Odd Svendsen i Rogaland Forballkrets.

Skjoldar er nest sist i avdeling fire, og skal møte Høle IL frå Sandnes som har tilsvarande plassering i avdeling to. Den første kampen går borte førstkomande laurdag, og laurdag 14. oktober går returkampen på Skjold stadion.

— Vi var sikre på at vi rykte ned. Det var overraskande å få meldinga i dag om at vi skal spele kvalifisering om plassen i 5. divisjon. Det er ei skikkeleg vitamininnsprøyting. Det er gledeleg å få denne sjansen, seier Kåre Haugen, dagleg leiar i IL Skjoldar.