Skjoldar rykka nærmare kvalifisering

Fotball, 5. div menn avd 4. Vats94-Skjoldar 2-4 (2-3) 0-1: Thomas Gausvik 0-2: Jan Bauge […]

Fotball, 5. div menn avd 4.
Vats94-Skjoldar 2-4 (2-3)
0-1: Thomas Gausvik
0-2: Jan Bauge
1-2: Rune Lindanger, straffe
1-3: Thomas Gausvik
2-3: Kenneth Frøland
2-4: Jan Bauge
 
Raudt kort: Åsmund Børretzen, Skjoldar
Gult kort: Tore Berakvam, Vats94
 Dommar: Negji Muller, Vard
 
For at Vats skulle vera med i kampen om kvalifiseringsspel, burde dei vinna nabooppgjeret fredag mot Skjoldar. Men etter fredagens oppgjer manglar Skjoldar berre eit poeng på å få spela kvalifisering. Det einaste som kan ta frå dei kvalifiseringsspelet er dersom Skjoldar skulle tapa dei neste to kampane, medan Vats vinn begge to.
— Dette er årsverste. Det var ingenting som stemte Me får ikkje til pasningsspelet og rørslene, og innsatsen er fråverande. Nå slepp me iallfall å tenka på opprykk, sa Vats-trenar Arne Sakarias Tveit etter kampen.

Lite spennande
1. omgang blei målrik, men inneheldt aldri den heilt store spennninga. Skjoldar var meir pågåande enn heimelaget og klarte å få betre utteljing for sjansane sine. Etter om lag ein halvtime tok Skjoldar leiinga 0-1 og berre nokre minutt etterpå gjekk dei opp til 0-2 då Jan Bauge heada ballen i mål. Kenneth Frøland blei felt innanfor 16-meteren, dermed blåste dommaren straffe for heimelaget. Den sette Rune Lindanger trygt inn i mål. Thomas Gausvik fekk si andre nettkjenning i slutten av 1. omgang og auka leiinga til 1-3. Like før pause klarte Kenneth Frøland å få inn Vats sitt einaste spelemål i kampen og reduserte til 2-3.

Utvist
Rett etter pause gjekk Skjoldar opp til 2-4. Mest action blei det då Åsmund Børretzen fekk sitt andre gule kort og blei sendt av banen. Dommaren nekta å blåsa til frispark før Børretzen var heilt borte, og både spelarar og publikum syntes det blei litt vel firkanta frå dommaren si side. Dommaren la til heile 15 minutt på dette.
Skjoldar-trenaren var svært misnøgd med det raude kortet.
– Enkelte spelarar er meir opptekne av å bruka kjeften enn beina, og det er eg misnøgd med, seier Åge Liff.
— Dommaren såg ikkje ballar som gjekk ut på sidelinja og eg foreslo å bruka ein av laga sine reservar for å hjelpa han på linja og det fekk eg gult kort for. Men det andre gule kortet var heilt greit, seier Børretzen.
 Jamvel om Skjoldar spela resten av kampen med ein mann mindre, var Vats aldri nokon trussel for bortelaget.