Skuledebatten som blei arrangert i Korosten i slutten av februar samla 13 parti i panelet. Det var på førehand knytt stor spenning til kva som ville skje.
— På førehand hadde politikarane uttalt at dei ikkje visste om det var vits i å komma. Dei trudde ikkje at elevane var interesserte, seier lærar Bjørn Gunnar Husby.
Slike tankar blei derimot gjort til skamme. Engasjementet blant dei 700 elevane var enormt. Det gjorde inntrykk på dei to lærarane og fem elevane frå Ølen vidaregåande skule som var til stades.
— Elevane stod i kø for å komma fram til mikrofonen, seier lærar Trond Ove Alvseike.
— Dei var meir engasjerte enn her. Me tar det for gitt at me har det godt, seier Malin Othilie Aareskjold.
Til slutt blei det så mange spørsmål at dei måtte setja strek for debatten.
Etter skuledebatten blei det halde val for dei 700 avgangselevane ved dei 13 skulane. Men ingen tør å presentera resultatet av skulevalet endå. Resultatet vil bli offentleggjort anten rett før eller etter parlamentsvalet som skal haldast 26. mars.
— Viss nokon ikkje likar resultatet, veit ein ikkje kva som skjer, seier Husby.
— Demokratiet er ikkje fullkome der. Dei er veldig redde for kva som kan skje. Ungdommen skal eigentleg ikkje engasjera seg i politikk, men skulesjefen var positiv, seier Husby.
Før stortingsvalet i haust var elevar, lærarar og skulesjefen frå Korosten observatørar under skuledebatten og valet ved Ølen vidaregåande skule.
I fleire år har skulen hatt eit samarbeid med Korosten og har samla inn pengar til humanitære formål. Nå er samarbeidet utvida til også å gjelda demokratiske rettar.
Vil følgja opp
Etter kraftige protestar mot valfusk ved presidentvalet i Ukraina for to år sidan, blei det omval, og opposisjonen sin kandidat Viktor Jusjtsjenko kom til makta. Dei ukrainske elevane var svært opptekne av at fusking ikkje skulle skje. Alle elevane måtte visa identitet for å få lov til å stemma.
— Alt dette viser at dei er oppegåande folk. Det er berre det at dei treng innspel og inspirasjon, seier Husby.
— Me har også masse å læra av dei, seier Mildrid Arianson.
Ukraina er nært knytt til Russland, og konflikten i Ukraina handlar i stor grad om landet skal venda seg mot aust eller vest. Oransjesida, som vann valet for to år sidan, ynskjer å venda seg meir mot vest.
— Viss parlamentet vil venda seg mot aust, kan dei overkjøra presidenten. Det er det dei er redde for, og det vil vera eit tilbakesteg viss den sida vinn, seier Husby.
Nå er planen at skulen også skal vera delaktig når det om to år er presidentval i Ukraina.
— Me vil reisa ned og sjå at dei følgjer opp. Dette må ut i Ukraina og bli sendt vidare, seier Husby.