Her må den kjende fjellvandraren Solheim rett og slett ha gått seg vill i skodda, og det er ingen skam å snu. Solheim kan ikkje ha fått med seg korkje at Sp står fullt og fast på Kyoto-måla om kutt i klimagassutsleppa, at partiet meiner det beste vern oftast skjer i kombinasjon med sunn forvalting, at me er fremst for å ta vare på eit økologisk sunt norsk landbruk eller at me vil satsa mykje meir på kollektivtrafikken.
Grovare er det at Solheim kjem i skade for å spreia løgner om Sp sin politikk. Sp vil ikkje byggje ureinande gasskraftverk, me vil ikkje utrydda ulven og partiet ser ut til å halda fram med å vera imot oljeboring i Barentshavet. Det siste spørsmålet vert det debatt om på landsmøtet i vår, men Hordaland Sp vedtok sist helg eit soleklårt nei.
Solheim sin påstand om at Sp isolerer Noreg frå det internasjonale miljøsamarbeidet er urimeleg og motsett av det som skjer. Sp er ein pådrivar for tettare samarbeid, og det er ein avgjerande grunn til vår EU-motstand. Noreg opplever i globale samarbeidsfora som FN at det er Sverige og Danmark som sit på gangen og at dei kjem til Noreg for å be oss fremje deira miljøsaker. Deira eigne røyster er bundne av EU-kommisjonen.
Endeleg er det ein merkeleg ting å hevda at miljørørsla treffer sitt EU-standpunkt ut frå kva eit parti på nei-sida meiner i heilt andre saker. Kan den eigentlege bakgrunnen for Solheim sitt utspel vera at Naturvernforbundet som skal ha EU-debatt på landsmøtet i vår leiter etter ein syndebukk for det tilfellet at leiarskapen ikkje skulle ha sterk nok rygg til bera gjennom eit nytt miljøvenleg EU-nei?
Eg oppmodar alle medlemer i Naturvernforbundet til å tenkja sjølv i staden.
Steinulf Tungesvik,
Senterpartiet