Spent Andreas møter dei beste

TORINO: Ølen-guten var på plass i Torino tysdag kveld. Byen som neste år skal vere […]

TORINO: Ølen-guten var på plass i Torino tysdag kveld. Byen som neste år skal vere vertskap for OL, og ikkje minst Paralympics som Andreas har forhåpningar om å kvalifisere seg for. Friskusen legg ikkje skjul på at det prestisjefylte arrangementet er det langsiktige målet. Hustveit har forhåpningar om å vere med i medaljestriden i dei norditalienske alpar. Han føler det er ein realistisk målsetning sjølv om nivået er høgare enn det var sist gong han stod på sigerspallen i eit internasjonalt meisterskap.
Satsar igjen
Dei norske utøvarane har dei siste åra fått erfare at mellomeuropearane og dei andre nasjonane satsar like hard. Det har blitt jamnare i toppen.
Hustveit konkurrerte berre nasjonalt i fjor. 26-åringen sleit litt med motivasjonen og takka difor nei til representasjonsoppgåver. Før denne sesongen signaliserte Andreas at han hadde lyst til å satse for fullt igjen. Dermed fekk han fornya tillit på det landslaget han har vore ein del av dei siste åra. Tilbodet han får i forbundsregi er heilt avgjerande for at kjøtskjeraren kan satse så hardt som han gjer. Dårlige snøforhold i heimbygda gjer at han som regel må ut av kommunen for å få trene skikkelig i vinterhalvåret. Lange bilturar har det blitt mange av etter at han vart med på denne galoppen. Både i samband med trening, renn og samlingar. Den talentfulle langrennsløparen er fornøgd med landslagstilbodet.
Håper han taklar høgde
– Kva forventar du deg av konkurransane i dei krevjande løypene i Torino ?
– Eg er spent på korleis eg vil takle høgde. Det er som sagt lenge sidan eg har konkurrert i tynn luft. Før om åra har det gått greitt å tilpasse seg høgde, sa Hustveit i forkant av World Cup-opninga i 1600 meters høgde. VM i USA er vinterens mål.
I Torino vil den lokale toppidrettsutøvaren få ein indikasjon på kvar lista ligg. Andreas har så langt i vinter gjort det bra i Noregscupen. Forma er minst like bra no. Det er sparsamt med snø i neste års OL-trase. Kunstsnø redda både førre helgs prøve-OL og verdenscuprenna som Hustveit skal vere med i. Han kan fortelje at det er fin stemning i troppen som skal forsvare dei norske fargane.
Andreas har forventningar både til det individuelle rennet og stafetten. Dei siste dagane har det vore praktfulle forhold i Torino-området. Det har vore sol frå blå og skyfri himmel. Hustveit synes det er motiverande å trene og konkurrere under slike forhold. Det står i sterk kontrast til det han er vant med frå Ølen.