Startar jobben utan krisestemning

Det var difor inga trykka stemning då kommunestyret i Vindafjord hadde sitt første historiske møtet […]

Det var difor inga trykka stemning då kommunestyret i Vindafjord hadde sitt første historiske møtet i den nye kommunen. Rådmann Helge Thorheim har i over eitt år vifta med at det ville bli harde tak når den nye kommunen måtte spare 7-8 millionar kroner.
Så tøft vart det ikkje, og Vindafjord får over fem millionar friske kroner dersom regjeringa Stoltenberg held lovnadene sine. Det vil gi eit budsjett for 2006 i Vindafjord som går ein smule i pluss.

Sluttpakkar kostar
Litt ekstra slingringsmonn kan det bli dersom fallskjermane til dei gamle rådmennene får plass i dei såkalla Erna-pengane på 30,2 millionar kroner. Men sluttpakkane på 2,0 millionar kroner har enno ikkje fått plass der, og må truleg heilt eller delvis takast frå den ordinære kassa til nye Vindafjord i 2006.
Men uansett var det ein langt meir skyfri økonomi enn rekna med rådmann Helge Thorheim orienterte det nye kommunestyret om. Han skal leggje fram eit budsjettforslag 15. november som brutto er på 315 millionar kroner i den samanslåtte kommunen.
Thorheim kunne også takke av fellesnemnda som har styrt samanslåingsprosjektet fram til tysdag ettermiddag. No er det det nye formannskapet og kommunestyret i Vindafjord som har kontrollen.

Tre utval
Forutan val av varaordførar og formannskap, vart det også valt komitear som skal arbeide med omsorg, oppvekst og utvikling. I utvalet for omsorg vart Gunn Vikingstad (Vikebygd bygdeliste) valt til leiar, medan Tone Hatteland (H) skal styre utvalet for omsorg og Åsmund Kalstveit (Sp) blir leiar for utvikling. Dermed er alle dei 33 representantane i kommunestyret med i formannskapet eller eit utval.
— Det er eit historisk møte, men vi skal ikkje dra dei store talane i dag. Det er ei stor forsamling, og eg er audmjuk overfor oppgåva, sa ordførar Arne Bergsvåg då han opna det første kommunestyremøtet i nye Vindafjord.

Saknar fleire kvinner
Det var også klart før møtet at det ville bli dobbelt så mange menn som kvinner i formannskapet. Av ni er tre kvinner.
To av dei involverte, Anne Gro Magnus (Sp) og Ingrid Steinsland (Bjoa bygdeliste), meiner det er synd at det blir så få kvinner i formannskapet. Magnus såg på seg sjølv som listefyll før valet, medan Steinsland har lang erfaring frå formannskapet i Ølen.
— Det hadde vore kjekt med fleire kvinner, men eg ser jo kvifor det blir slik. Men det grunnleggjande problemet er kanskje at få kvinner vil inn i politikken og endå færre blir nominerte til topplass på listene, seier Steinsland.
Ordførarkoalisjonen har tre kvinner og fire menn i formannskapet, medan Høgre og Frp har listetoppane sine, Dagfinn Torstveit og Terje Halleland. Dermed blir kvinnene i klart mindretal.