Startar symjeklubb i Etne

Monica Klippenberg har vore aktiv symjar i Haugesund i 15 år og står bak initiativet. […]

Monica Klippenberg har vore aktiv symjar i Haugesund i 15 år og står bak initiativet.
— Då eg flytta hit til Etne for tre år sidan sakna eg eit basseng. Det er vatn i bassenget og eg synest det er for gale at andre ikkje skal få bruka det, seier Klippenberg, tidlegare landslagssymjar.
Symjebassenget i Etne har vore stengt sidan slutten av 1990-talet. I dag er det berre skulelevar og kommunalt tilsette som har høve til å bruka bassenget.
Planen til den nystarta symjeklubben er å halda bassenget ope to kveldar i veka, der ein kveld er opa bading for barn og vaksne, medan den andre kvelden er for vaksne. Vatnet har ein temperatur på 29 grader.
— Dagane er ikkje heilt bestemte endå. Me byrjar litt forsiktig med to timar kvar kveld og så aukar me det eventuelt etter kvart, seier Klippenberg.

Livredningskurs
Klippenberg og Elisa Bjørk Jakobsdottir reiser gjerne til Vindafjordhallen i Nedre Vats, men dei synest det er langt å kjøra og ynskjer at Etne skal ha eit symjetilbod.
— Symjeevna blant norske ungar er ikkje heilt bra. Mange basseng ligg brakk og sommaren vår er ikkje alltid like bra. Nå får ungane høve til å læra å symja før dei byrjar på skulen, seier Klippenberg.
Det einaste som gjenstår før dei kan opna dørene for offentleg bading, er livredningskurs for badevaktene.
— Me satsar på å få det til i løpet av januar. Per i dag er me ti personar, men håper på tjue, seier Klippenberg.
På sikt har ho også planar om å starta symjeundervisning for barn.

Kortare veg
— Er dette bassenget stort nok når ein har Vindafjordhallen i nærleiken?
— Eg byrja sjølv på 12,5 meter stort basseng. Det er stort nok, og så blir ein veldig god på vendingar, smiler Klippenberg.
— Poenget er å komma seg ut og lea seg, seier Bjørk Jakobsdottir.
— Men nå tar de opp kampen med Vindafjordhallen?
— Me har snakka med masse folk i Etne, mange er interesserte og er glade for at bassenget opnar. Mange orkar ikkje å kjøra heilt til Vindafjordhallen, seier Klippenberg.
Nå håper Klippenberg og Bjørk Jakobsdottir at folk tar godt imot tilbodet.
— Me håper folk vil komma og bruka tilbodet. Kommunen stenger bassenget i mai så me må vera flinke å bruka det når me kan, oppfordrar Klippenberg.