Stenging av nybygget ved Etne sjukeheim

Kva med å leige det ut som leilegheiter m/felles kjøkken og stove? Her snakkar me […]

Kva med å leige det ut som leilegheiter m/felles kjøkken og stove? Her snakkar me om 450 kvadratmeter delt på seks einingar, stove med sovekrok og stort bad, og ikkje minst fellesromma som alltid har vore minuset for dei eldre.
Med kommunale leigeprisar ca kr 5.000 pr månad. Skulle det bli 360.000 kroner for året. Sjølv med min manglande matematiske utdanning skulle dette verta ein av kommunens store inntektspostar.
Det har alltid vore hevda at det er billegare og meir effektivt å ha dei hjelpetrengande samla, enn å køyre bygda rundt for å hjelpa.
Så no Amund, tre gonger rundt i ordførarstolen og set i gong.

Endre Tjelmeland
Etne