Stian går for VM-plass

Ølen-guten går både for medalje og VM-plass. Dersom han hamnar på pallen kan det bli […]

Ølen-guten går både for medalje og VM-plass. Dersom han hamnar på pallen kan det bli Finland-tur i påsken. Rovaniemi er vertskap for årets juniorverdsmeisterskap som går rekordseint. Det er ein av grunnene til at Stian har kjørt eit heilt anna løp i vinter. I fjor markerte han seg allereie i det første noregscuprennet. Det var ein helt nødvendig strategi for dei som hadde ambisjonar om å komme med til junior-VM. I år hadde det liten hensikt å vere i form i januar når VM-troppen først blir tatt ut to månader seinare. Juniorlandslagstrenar Jon Arne Schjetne legg ikkje skjul på at NM-resultata vil ha størst betydning når han på måndag skal ta ut VM-troppen. Det er gode nyheiter for Stian som dei siste månedane har hatt base på Hovden. Han kjem å bli i Setesdal frem til noregscupavslutninga i april.