Stor skade på bustadhus

Brannen vart meldt til AMK klokka 09.40 i dag av sjåføren i ein bil som […]

Brannen vart meldt til AMK klokka 09.40 i dag av sjåføren i ein bil som passerte huset som ligg eit godt steinkast ved Bjoa-vegen på Lunde. Eit kvarter seinare var dei første bilane frå brannvesenet på plass ved huset.
— Vi fekk røykdykkarar raskt inn og kom deretter til med vatn gjennom taket frå utsida. Vi fekk fort taket på brannen, fortel Knut Egil Berge, utrykkingsleiar i Ølen brannvesen.
Ølen og Vindafjord har felles alarmering og ei handfull av mannskapet i Vindafjord deltok også under sløkkinga.
Det var rask tilgang til vatn i ein brannkum på hovudvegen og tankvogna med vatn gjorde den første innsatsen. Sløkkinga var heilt ferdig etter knappe to timar.

Loftsetasjen
Brannen har starta i loftsetasjen der det er loftsstove og soverom. Der var ingen heime i huset då brannen vart oppdaga. Politiet vil prøve å finne årsaka til brannen ved ein gjennomgang av huset i morgon. I rommet der det er sannsynleg at brannen starta, var det ein tv.
Lensmannsbetjent Johan Inge Særsten seier til Grannar at det er for tideleg å seie noko om brannen kan ha starta i tv-en.
Brannen herja i loftsetasjen der både taket og berande konstruksjonar fekk store skadar. Skadeomfanget i resten av huset er meir usikkert sidan det er snakk om vass- og sotskadar.