Stor stemning på Slottet

— Eg var sjølvsagt litt nervøs på førehand, men du verda kor kjekt me hadde […]

— Eg var sjølvsagt litt nervøs på førehand, men du verda kor kjekt me hadde det, smiler Lars, to timar etter at han og kona Gudbjørg forsvann inn på Slottet. Saman med 33 andre par som var ute i same ærend.
Orientering
— Først vart me tekne imot av hoffsjefen. Han orienterte litt om det som skulle skje. Fortalde mellom anna at me ikkje måtte seia du til Kongen. Men eg gløymde meg sjølvsagt ut, fortel 80-åringen og ler hjarteleg.
— Både Kongen og Dronninga var på plass. Det var veldig stas, supplerer Gudbjørg.
— Før me møtte dei kongelege fekk me også ei omvising på Slottet. Der var det jammen fint. Ho som viste oss rundt var også veldig flink til å fortelja historier knytte til dei ulike romma.
Sender kassett
Då dørene gjekk opp til hovudsalen, stod både kong Harald og dronning Sonja klar til å ta imot gjestene sine. Dei handhelste på alle, før gjestene vart delte i mindre einingar på ti og ti. Kanapear og champagne kom på borda, og kongeparet flytta seg rundt og snakka litt med alle saman.
— Me fortalde litt om oss sjølve, og kvifor me hadde fått medaljen vår. Kong Harald visste godt kor Skånevik var. Eg lova han at eg skulle senda eit par av kassettane mine med trekkspelmusikk, så kunne han høyra på dei når han var ute meg seglbåten sin, røper 80-åringen.
Og Gudbjørg legg til:
— Dronninga kjende også til bluesfestivalen. Me måtte gjerne sende invitasjon både til ho og kronprins Haakon i samband med tiårsmarkeringa. Det er notert.
Gele i håret
— Me har også hatt med oss eigen moteekspert på turen austover, smiler Lars, og viser til dottera Dagny.
— I dag har gamlefar hatt gele i håret for aller første gong. Måtte jo vera litt ekstra fin når han skulle møta dei kongelege, fortel den ansvarlege for oppdressinga. På plass var også barnebarnet Holger Vikedal og kjærasten Frøydis.
— No skal me berre ta oss eit lett måltid, før turen går vestover att. I natt har me budd på hotell, og i går var me på revy. Du kan tru dette vert eit minne for livet, smiler Lars og Gudbjørg Christophersen.

PS! Skåneviksbuen Lars Christophersen var ikkje den einaste frå Grannar sitt nedslagsfelt som skulle takka Kongen for medalja si. Chester Danielsen fekk Kongens fortenestemedalje i gull på Utstein Kloster 16. august. Torsdag var også han på Slottet. Den tidlegare vegsjefen i Rogaland kom som 8-åring frå Amerika til Vikebygd, og budde der til han byrja på landsgymnas på Jæren, 15 år gamal.
— Det var ein flott dag i hovudstaden. Kongeparet var strålande, kona og eg vart tekne imot av familien til sonen vår som bur i Oslo, og me hadde ein fin ettermiddag og kveld saman, skryt Danielsen. Kona Ingrid kjem frå Dommersnes.
— Der har me også hytte. Eit paradis på jord, meiner ekteparet Danielsen.