I overgangen mellom markeringa av det nye amfiet og Himkok-revyen, varta Dagny Christophersen og Jan Husebø opp med visa «Ta meg med» av Jan Eggum. Og plutseleg kom Eggum slentrande inn på scena og stemte i. Dermed fekk publikum ein halvtimes bonuskonsert med bergensaren som serverer melankoli, sjølvironi og blødmer som perler på ei snor.
Godt driv
Deretter var det ein god halvannan time med «Viril & Spontan». Årets revy var eit feiande sceneshow med fart gjennom heile revyen der mellom andre songarane Turid Berge og Dagny Christophersen var med på å skifte tempo og drive revyen framover saman med orkesteret for kvelden. I denne gata var også Himkok sin variant av dansekonkurransar på tv.
Elles var det revynummer av kjend himkoksk merke der dei tar med seg ein del personar og miljø frå revy til revy. Det er med på å gi revyane identitet.
Lokale tema går oftare rett heim enn rikstema der nasjonale kjendisar er med. Haken ved sistnemnde er at ein dermed får litt for stor konkurranse frå parodiar som er gjort før. Dette styrer Himkok med eitt unntak elegant utanom.
Vise til Stene
Å bli offer for Himkok sitt skråblikk er ei ære, men det kan også vere litt nådelaust. Her er det originalar og fenomen blant folk flest i bygda som blir parodierte og gjennomlyste. Typiske døme er det lokale opptaket av på Jakta på kjærleiken, og sketsjen Prestekontor der den sanne kombinasjonen skjenkjestyrar og tilsett på kyrkjekontoret blir utlagt i ei ellevill rolleblanding der puben får levert altervin og leiaren i soknerådet får pakken med vodka.
Men Himkok tar vare på originalane sine. Avdøde Ole Stene har i alle år vore eit objekt for Himkok sitt lått og løye. I år fekk han si eiga vise ført i pennen av Torgeir Eidhammer; ei lita hyllest til både Stene og gubbane på benken ved butikken til Olav Heggen.
Kjem igjen
Samanslåingssketsjen «Bryllaup» har vore vist tidlegare. Men alle toler gjensyn der brura Reidar Vindafjord (Frans Fransson) er kostbar når soknepresten (Arne Bergsvåg) vil ha brura sitt ja til brudgommen Arne Ølensbu (Jan Tore Heggebø).
Revyen har stor breidde både i tema og aktørar som bidrog på scenen. Øyvind Heggebø er som alltid eit komisk talent, og vaktmeisteren som ikkje kunne gå god for det nye amfiet, var ei god opning. Gunn Rakel Jarmer hadde mange roller og eit ekstra godt grep på «Husmor Mia».
Vi kjem igjen, var den siste meldinga frå podiet, og det er det all grunn til å glede seg til.
Jon Edvardsen