Støtt opp om nærbutikken

Men no har me ei stor utfordring alle me Bjoabuar, me står nemleg i stor […]

Men no har me ei stor utfordring alle me Bjoabuar, me står nemleg i stor fare for å mista den koselege nærbutikken vår. Rekneskapet viser veldig dårlege tal. Dette trur eg me greier å snu! Misser me butikken no, er det ingen andre som vil overta etter Kåre. Me misser ikkje berre butikken, men også drøsestova, som er samlingsplassen for ung som gammal gjennom heile veka. Buo er den einaste offentlege samlingsplassen som er tilgjengeleg for alle kvar dag. Har me samvet til å la det skje?
I ein del bygder rundt om i landet vårt, der kundegrunnlaget for å driva butikk er dårlegare enn på Bjoa, har dei til og med betalt inn andeler for at butikken skal oppretthaldast.
Me har alle eit ansvar for framtida i bygda vår. Vil du vera med?

Elin Gjerde
Bjoa