Straumrekning som svir

Det er uakseptabelt med så drastisk prisauke for eit vanleg forbruk. Den frie energimarknaden har […]

Det er uakseptabelt med så drastisk prisauke for eit vanleg forbruk. Den frie energimarknaden har skapt ein uklar situasjon for folk som gjerne vil føle seg trygge på at dei vil takle utgiftene til ein så viktig del av eit hushald.

Energimarknaden fungerer ikkje godt nok, og den kan gi urimelege verknader når det gjeld fordeling. Medan minstepensjonisten sparer på straumen, kan den som har meir på kontoen varme opp innkøyringa til garasjen som før. Det er usosial energisparing.
Men dersom minstepensjonisten spinkar på andre kantar for å ha råd til å ha det like varmt som før, er det kraftprodusentane og staten som blir ekstra rike av det utan at det gagnar verken sparing eller miljøet.

Når Statkraft melder om rekordinntekter første halvår, så fortel det mykje om paradokset i energimarknaden. Kraftprodusentane produserer kraft nesten som før i frykt for å tape pengar dersom dei sparer på vatnet. For verken produsentane eller kraftbørsen er vêrprofetar som kan spå om nedbøren i haustmånadene.
I tillegg går prisen opp nettopp på grunn av frykt for at det blir lite nedbør også resten av året. Det er ein blanding av psykologi i energimarknaden og tilfeldige variasjonar i naturen som forbrukarane til ein viss grad bør skånast for.
Det er difor positivt at energiminister Odd Roger Enoksen vil ta fram igjen forslaget om eit toprissystem der eit basisforbruk blir billigare enn forbruket over dette taket.