Det at TV2-produsentane også kutta vekk dei positive uttalane frå Tor Milde, er sjølvsagt ekstra trasig i ettertid. Ikkje minst på grunn av at godorda frå nemnde Milde sat alt anna enn laust denne kvelden.
— Me fekk på førehand melding om at slikt kunne skje. Og det er jo slett ikkje sikkert at utfallet hadde vorte annleis om skrytet frå Milde hadde kome med. Han som kom på plassen rett etter meg, Knut Marius, fekk stort sett slakt av samtlege domarar. Likevel fekk han 15 prosent av røystene. Det slår vel med andre ord litt begge vegar, seier ei smådiplomatisk Maria Toresen.
Liten sprekk
Allereie tidleg onsdag merka Maria at røysta hennar var i ferd med å bli litt hås. Ein aldri så liten sår hals var i emning.
— Eg hosta og harka litt før eg gjekk på scena, og fekk ein sprekk i refrenget på «The voice within». Det var ikkje heilt bra. Der og då trudde eg at det gjekk heilt galt. Men utanom det kjende eg meg i grunnen svært komfortabel. Var mindre nervøs enn eg har vore tidlegare denne Idol-sesongen. Hadde veldig lyst til å få vera med enno ei stund. No vert det i staden å halda fram med den daglege pendlinga til økonomistudiet mitt på Høgskulen Stord/Haugesund. Litt kjipt, men samstundes er eg sjølvsagt veldig glad for alt eg har fått oppleva i Idol-konkurransen, fortel ei endå meir hås Maria.
— Må nok bruka eit par dagar på å pleia halsen. Blir nok ikkje rare synginga på «Saloonen» dei første dagane.
Éin prosent, eller kring 1860 røyster, var alt som skilde Sandeid frå å få to deltakarar vidare til den store Idol-finalen. No må ein i staden satsa alt på eitt kort.
Til Oslo att
— Eg har tenkt meg til Oslo om knappe to veker. Skal inn for å heia på Mari Vestbø. Kan aldri tenkja meg at ho skulle ryka ut allereie førstkomande fredag. Trur snarare at Mari kan ta seg veldig langt i årets Idol, skryt Maria. Som i motsetning til Mari fekk veldig lite plass i tv-ruta under dei innleiande rundane av Idol. Og som av overdomar Trine Lise Skagefoss også onsdag vart omtala som litt for anonym på scena.
— Eg føler det slett ikkje slik sjølv. Tykkjer eg er både utadvendt og frampå, seier jenta, som ikkje hadde hatt noko imot litt meir tv-profilering før den avgjerande semifinalen, onsdag.
— Men det er det sjølvsagt TV2 som avgjer. Slik er det, og slik vil det nok alltid vera, konkluderer Maria Toresen, etter at Idol-eventyret tok ein brå slutt.
PS! Er det eit godt band der ute som manglar ein frisk og dyktig vokalist? Maria Toresen er meir enn klar for å synga med den rette gjengen.