Med nær 70 barnekormedlemer frå Bjoa, Vats, Ølen og Skjold i prosesjon saman med ordførar, varaordførar, rådmann, prestar og kyrkjelydsmedarbeidarar vart fellesskapet og samarbeidet i den nye kommunen markert. Også vidare i gudstenesta fekk me sjå at eit slikt samarbeid fint kan fungere, til dømes då varaordførar Reidar Håvås, tidlegare skulesjef i Ølen Johannes Løvdahl og konfirmantar frå Vikedal les forbøna, medan kyrkjelydssvar til forbøna vart akkompagnert med svingande jazzrytmar frå Lasse Jarmer band. Eit døme på samarbeid på tvers av samfunnsroller, tidlegare grenser, generasjonar og kulturliv.
Tre vise menn
Rådmann Helge Thorheim og ordførar Arne Bergsvåg deltok i gudstenesta ved å stå for tekstlesinga. Ordførar Bergsvåg uttrykte glede over å få vere med og markere kommunesamanslåinga også i kyrkja. Kyrkjeverje Lasse Inghart Tveit kom med helsing frå kyrkjelydane i kommunen.
— Eg håpar at kyrkja kan vere ein positiv faktor i det samfunnet som skal byggjast vidare i den nye kommunen, sa Tveit.
Sokneprest Sigrunn H. Arnesen overrekte kommunen boka som kom ut i samband med 100-års jubileet i Vats kyrkje i haust, i tillegg til brosjyrar om dei andre kyrkjene i kommunen, samt ei utgåve av den nye oversetjinga av det nye testamentet.
— I dag er det dei tre vise menn sin søndag, og dersom vi tenkjer oss at rådmann, ordførar og varaordførar i dag ved denne markeringa er dei tre vise menn, er vi i kyrkja spente på kva gåver dei i framtida har med til oss i kyrkjene i den nye kommunen, sa Arnesen.
Ho overrekte også ei helsing frå prost Arne O. Øystese til den nye kommunen.
Jazz og fin song
Fellesgudstenesta var ei gudsteneste litt utanom det vanlege, sjølv om dei tradisjonelle rituala var med. Lasse Jarmer band stod for akkompagnement til dei fleste salmene og gudstenestehandlingane, og skapte feststemning med sine svingande rytmar. Lasse Jarmer er lærar i kulturskulen i Vindafjord og bandet hans består, forutan om kona Gunn Rakel Tjelle Jarmer på vokal, av jazzglade musikarar frå Vindafjord. Skjold Songkor og Kor Innante har i samband med markeringa denne helga gått saman, og underheldt både på festmiddagen og folkefesten laurdag, og var også med på fellesgudstenesta. Med sin dirigent Monica N. Haugan stod dei for nydeleg song, både som forsongarar og med framføringa av eigne songar.
Prestesamarbeid
Kyrkjelydane i den nye kommunen starta allereie i haust samarbeidet, blant anna ved å gå saman om konfirmantarbeidet. Også på fellesgudstenesta var det samarbeid, og sokneprest i Ølen, Johannes Nedrelid, stod for preika.
Det var tinga marsipankake til fleire hundre personar, i tillegg til mykje heimebakst. Etter gudstenesta kunne dei om lag 500 frammøtte kose seg vidare med saft, kaffe og kaker.