Sykkel- og gangsti i Vestbø i Sandeid

Riksveg 46 går gjennom grenda vår, vegen er kun 5 meter brei og har veldig […]

Riksveg 46 går gjennom grenda vår, vegen er kun 5 meter brei og har veldig stor trafikk. Ca. 1500 bilar i døgeret, og mykje av dette er tungtrafikk. Me har opplevd trailer som har velta av den smale vegen pga liten plass ved møtande trafikk. Her har vore fleire fartskontrollar med særs skremmande resultat. På nokre timar har ca. 5 sertifikat blitt inndradd. På denne smale og sterkt trafikkerte vegen, må og dei mjuke trafikkantane ta seg fram. Det bur 26 barn under 15 år på strekninga. I fleire år har me kjempa for å få sykkel- og gangsti på denne farlege skulevegen. Me har skrive, me har snakka, me har hatt møter med både den eine og andre, men forgjeves. Det kan sjå ut som om både Vegvesenet og kommunen har lagt alt som heiter bygging av sykkel- og gangstiar på is i Vindafjord. Ikkje pengar, er svaret me får. Men det er heller snakk om prioritering, og då ser det ut som om sykkel- og gangstiar er heilt ute av lista. Ikkje ein meter er det bygt dei siste 6 åra, enda det er deira ansvar å bygge sykkel- og gangstiar der det er påkrevd. Me møter saktens medhald og gode ord, men det blir ikkje gangstiar av det. Det einaste positive er at planlegginga av korleis han skal byggjast, skal visst vere kome langt. Men pengar finn ingen, enda det skal ikkje så mange kronene til. Det er snakk om ein gangsti på 800 meter, i flat dyrka mark, der alle grunneigarane er positive. Me hadde verkeleg håpa at Vindafjord kommune hadde funne litt midlar på neste års budsjett, slik at arbeidet kunne kome i gang før kommunesamanslåinga. For blir ikkje denne sykkel- og gangstien setla før det, så er me redde for at me berre må gløyma heile prosjektet vårt. Får me ikkje straks positive signal på snarleg oppstart, så ser me oss kanskje nøydde til å ta andre midlar i bruk. Me har fleire vore inne på tanken om å stengja riksveg 546 fysisk frå klokka 7.45 til 8.15 på den mørkaste årstida. Det er ei ulovleg handling vil mange seia, men det må og vera ulovleg av dei ansvarlege myndigheter å ikkje syta for trafikksikring på slike vegstrekningar. Og vegen mellom Vestbø og Sandeid skule er sett i kategorien «FARLEG SKULEVEG». Me oppfordrar dei ansvarlege til å ta ansvar og sikre ungane våre ein trygg skuleveg!

Frå bebuarar i grenda Vestbø i Sandeid,
aksjonsnemnda ved Anna Jansen, Lillian V. Vestbø og Øystein Lærdal