Takk til Sandeid skule

Takk til organist Magne Bokn for flotte øvingar både i vår og haust. Du har […]

Takk til organist Magne Bokn for flotte øvingar både i vår og haust. Du har tilført skulen vår mykje.
Takk til Kari Vik Stuhaug for øvingar, for å ha sytt programmet saman og for fin leiing av kvelden.
Takk til Erik Grønnestad som har hjelpt oss med fakta og tekstar.
Takk til alle 287 frammøtte for pengane de gav til Kirkens Nødhjelps arbeid i Beslan.
Takk til alle tilsette på skulen for innsats og stå på vilje i prosjektetarbeidet.
Og til sist, men aller mest, takk til alle elevane for ei super flott framføring og ein minnerik kveld.

Audhild Ulland,
rektor