Til topps i bedriftsturnering

Tilsaman ti lag var med i turneringa, som starta laurdag føremiddag, og vart avslutta med […]

Tilsaman ti lag var med i turneringa, som starta laurdag føremiddag, og vart avslutta med finalespel seinare på ettermiddagen.
Arrangementet har blitt eit populært innslag både for dei som spelar volleyball aktivt på bedriftslag og for vennegjengar som kjem saman for å vere med i turneringa. Cupen er delt inn i ein klasse for aktive og ein mosjonsklasse der med høvesvis fire og seks deltakande lag.
Det var ingenting å seie på innsatsen til spelarane, uansett klasse, men til slutt vart det bedriftslaget til Arrow (tidlegare Hatteland Eletronic) som gjekk av med sigeren i klassen for aktive. Oldstar, som var sett saman av tidlegare volleyballspelarar frå Sveio, kjempa seg fram til siger i mosjonsklassen. Arrangør Kjetil Espeland er godt nøgd med innsatsen til alle laga, men kunne gjerne tenkt seg enda fleire lag i turneringa.
— Håpar fleire lag vil vere med oss neste gong, jo fleire lag jo kjekkare blir det, seier Espeland.

Aktiv klasse
Plass Lag Poeng Sett siffer
1. pl Arrow 3 9 – 1
2. pl Vindafjord volley 2 7 – 4
3. pl Omega AS 1 1 3 – 6
4. pl Andreassen 0 0 – 9
 
 
Mosjons klasse
Plass Lag
1. pl Oldstar
2. pl Mix-mosjon
3. pl Team Etne
4. pl Afrika
5. pl Omega AS 2
6. pl Gilde