I nabokommunen Etne har det storma rundt spørsmålet om nye måtar å handtere maten til eldre på. Storkommunen Bergen reverserer delvis tilbake til tradisjonelle kjøkken der ein serverer nykokt mat rett frå panna. Det skjedde etter ei brukarundersøking i byen mellom dei sju fjell.
Få protestar
Men i Ølen er det ingen synlege protestar mot den nye metoden å handtere mat på der middagen blir kokt, kjøla ned og servert opp til fleire dagar seinare i oppvarma tilstand.
På onsdag skal politikarane ta stilling til forslaget frå rådmann Helge Thorheim om å innføre kok-kjøl-middag til eldre som får middag ved Ølen omsorgsenter og Vindafjordtunet. I forslaget skal Vindafjordtunet ha produksjonskjøkkenet, medan det ordinære kjøkkenet i Ølen blir lagt ned. Men maten skal varmast opp igjen ved mottakskjøkkenet i Ølen.
Då saka var oppe i Fellesnemnda for den nye kommunen i fjor sommar, var det få motførestillingar mot å gå over til kok-kjøl. Eldreråda i dei gamle kommunane hadde ingen store innvendingar mot at det blir servert mat som er laga på eitt tidspunkt og varma opp igjen på eit anna.
Omdiskutert matkvalitet
— Eg kan ikkje forstå anna enn det må bli debatt i formannskapet om dette. Det er eit heitt tema andre stader. Matkvaliteten er omdiskutert og det må vi i alle fall vurdere opp mot kor mykje vi sparar, seier Marit Aga Hustveit som representerer Ap i formannskapet.
Ho har registrert at ile>http://www.grannar.no/