To gonger Sandeid i Idol

To av 6500 deltakarar kom frå Sandeid. At begge desse no er blant dei siste […]

To av 6500 deltakarar kom frå Sandeid. At begge desse no er blant dei siste hundre i Idolsirkuset, ville nok ikkje mange sett pengar på i forkant. Maria Toresen og Mari Vestbø har god grunn til å smile. Dei to veninnene har fått merksemd også frå den kulørte pressa i hovudstaden. Neste torsdag kjem det reportasje om Sandeid-jentene i Noregs største vekeblad, Se og Hør.
— Dei syntest det var godt gjort at to frå ein så liten plass hadde gått vidare, og det er det jo og, smiler Mari.
Ho går i andre klasse på allmenne fag på Ølen vidaregåande skule. Maria har og travle dagar med skule: Ho pendlar til Høgskulen i Haugesund kvar dag der ho går på økonomiske og administrative fag. I tillegg har ho nett kjøpt hus i Ølen, saman med kjærasten Vidar.

Skummel audition
Maria prøvde seg i Idol for to år sidan, då gjekk det heller dårlig.
— Eg dreit meg skikkelig ut, stemma sprakk og det høyrdest heilt fælt ut! Det var så gale at eg kom med på tabbeinnslaga på ein Idol DVD, som kom ut ei stund etterpå. Uff, så flaut, seier ho og ristar på hovudet.
I år derimot, gjekk det betre, Maria song «Let it rain», av Amanda Marshall, og gjekk vidare med støtta frå idolformann Tone Lise Skagefoss og Tor Milde.
Begge jentene syntest at sjølve auditionen var kjempeskummel, men dei klarte seg bra. Mari prøvde seg i fjor, men kom ikkje vidare. Ho fekk beskjed av Jan Fredrik Karlsen, som var juryformann den gong, at ho måtte utvikle stemma litt meir. Mari tok rådet, og med ei meir utvikla stemme gjekk ho soleklart vidare i år.
— Dommarane skrytte veldig. Ole Evenrud fokuserte mest på utsjånaden, mens Tor Milde vart sjarmert av at eg song «Come Together» av Beatles, som er favorittbandet hans, seier ho.

Har vore i Oslo
Konseptet er lagt opp slik at dei innleiande rundane skjer ei god stund før sjåarane får ta del i det. Auditionen som me fekk sjå på tv i går, fann stad allereie i midten av november i fjor. Helga i Oslo er og eit tilbakelagt kapittel. Mari og Maria kjempa om å gå vidare blant dei siste femti, første helga i desember. Men dei kan ikkje røpa om dei har gått vidare eller ikkje.
— Det er berre å følgje med framover, seier dei og smiler lurt.
Ei oppleving for livet
— Helga i Oslo var heilt fantastisk! Dette har verkeleg vore ei oppleving for livet, seier Mari. Dei fortel at helga i Oslo var svært hektisk, men samstundes knallkjekk.
— Me møtte mange flotte folk, og det var aldri noka «konkurrent-stemning». Me hadde det berre veldig kjekt i lag, seier Mari. På spørsmål om korleis dei trur sjansane for å nå heilt fram til finalerundane er, svarar dei at det kjem til å bli tøft.
— Det er eit heilt utruleg bra nivå, det har dommarane og sagt, så det spørst om me kjem heilt fram. Den største trusselen for oss jenter, er at det er utruleg mange sånne «søte boyband- guttar» med i år, dei kjem nok til å få ein del stemmer, seier Maria.

Bra apparat rundt Idol
Jentene vil spesielt skryte av Bjarne Laastad, som er informasjonsmedarbeider i TV2.
— Han hjelper oss med alt frå å booke om flybillettar,til å be oss hugse på å eta. Det er eit utruleg bra opplegg rundt Idol, me får hjelp med ein gong det er noko, seier dei.

Litt kjendisar allereie
Mari jobbar på Ølen Bok og Papir, og der har ho allereie blitt oppspora av nysgjerrige autografjegerar.
— Nokon små jenter kom bort og spurde om eg var med i Idol, og om dei kunne få autografen. Det var før eg hadde vore på TV, seier ho og ler. Maria har og merka at det har blitt litt ekstra merksemd rundt henne. Ho jobbar på Old River Saloon og Sandeid Kafe og Pub i helgene.
— Det er mange som kjem med nysgjerrige spørsmål og sånn, spesielt på jobb, seier ho.

Drøymer om å leve av musikken
På spørsmål om kva dei ser for seg i framtida, vonar begge at musikken har ein viktig plass i livet deira.
— Eg drøymer om å leve av musikken, men det spørst jo, seier Maria.
— Eg ser for meg anten sivilarkitekt- eller interiørarkitektstudier i Trondheim, med musikken som ein hobby utanom. Det er i alle fall den realistiske versjonen av min draum. Den optimale framtida ville vore og turnert rundt i verda som rockestjerne med eige band, seier Mari.
Om draumane til Sandeid-jentene går i oppfylling, kjem mykje an på korleis det går i Idol denne våren, det er berre å fylgje med. Heia Sandeid!