Politikarar og andre arbeider og snakkar for å få folk til å bli verande i bygdene, og helst at utflytta vil komma tilbake. Folk utan spesiell tilknyting til bygdene, er også velkomne. Det store spøkelset er utflytting og avfolking av bygde-Noreg.
Men for å få folk til å busetja seg i bygdene våre, må dei få eit tilbod som freistar. Arbeidsplassar, barnehagar, fritids- og kulturtilbod, er svært viktige vilkår for å slå seg ned ein stad. Men det største og viktigaste tilbodet, er å få ein plass å bu. Folk i dag er villige til å pendla ganske langt, dersom dei finn ein plass å busetja seg som freistar.
Dette veit politikarane svært godt. Dei har med jamne mellomrom blitt minna om at skal folk, og spesielt dei unge, busetja seg i bygdene, må dei få tilbod om bustadområde i tråd med sine ønske. I dag er det for dei fleste nær sentrale funksjonar som skule, barnehage og fritidstilbod. Det som er blitt kalla sentrumsnære område.
Eit problem politikarane står overfor er kollisjon mellom landbruk og utbygging. Ofte står fylkesbyråkratar mot lokale interesser. Det har me mange døme på i vårt distrikt, ikkje minst i Etne og Ølen. For at det skal bli framdrift og ei løysing alle partar kan vera tente med, rår me regionale styresmakter og lokale politikarar til å spela på same lag.
Som det går fram i bilaget Bygg og Bu i dagens Grannar, er det framleis mangel på sentrale tomter. Det har me skrive mange gonger før òg.