Fotball, 5 div, menn avd. 4.
Etne – Vats 2-1 (1-1)
1-0 Øyvind Eljarvik 25min
1-1 Rune Lindanger 35min
2-1 Ove Strømsøy 71 min
Gule kort: Jarle Sjurseike (Vats) 24 min, Øyvind Eljarvik (Etne) 37 min, Kjetil Nesbø (Vats) 70 min, Stian Amundsen (Etne) 87 min, Magne Sandvik (Vats) 89 min
Raude kort: Jarle Sjurseike (Vats) 90 min, Roger Nortveit (Vats) 93 min
Dommar: Tony Liestøl
Om lag 60 tilskoderar.
Det var gjestane frå Vats som tok føringa i kampen frå start, og ballen var knapt over på deira banehalvdel dei fyrste ti minutta. Etter eit lite avbrekk på grunn av skade, kom Etne seg inn i kampen og skapa fleire sjangsar. Men ballen ville ikkje inn i mål. Fyrst etter tjuefem minuttar vinn Øivind Eljarvik i lufta etter eit hjørnespark og Etne går opp i leiinga. Som alltid snur det fort i fotball, og berre ti minuttar seinare får Rune Lindanger ballen etter feil og rot i Etne sitt forsvar og han set ballen rett i nettet. Resten av omgangen har begge lag eit par store sjangsar, men ingen av laga klarer lure ballen i mål. Dei går til pause med 1-1 og det er klart for ein spanande andre omgang.
Heimelaget vinn
Andre omgang starta som fyrste med Vats som ligg heilt framme og pressar. Gong på gong klarer Etne utruleg nok å halde ballen utanfor mål. Vats har den eine store sjangsen etter den andre og heimepublikumet held pusten. Det tek litt tid før Etne kjem inn i kampen og den fyrste sjangsen deira kjem etter nesten seksti minuttar, Vats si målvakt mistar ballen og Torgeir Tungesvik får ein retur. Men også denne ballen klarer målvakta fange opp. Berre ti minuttar seinare legg Kjetil Bjørgen inn til Ove Strømsøy som takkar for tilliten og sender heimelaget opp i leiinga igjen. Den siste del av andre omgang er prega av rått spell, og mange frispark. Korta kjem på slutten nesten kvart minutt og det heile endar med to raude til Vats på overtid. Etne har skaffa seg tre nye poeng og kan framleis smykke seg med tittelen tabelltopp.