Fotball, 5 div, menn avd. 4.
Etne – Stegaberg 3-1 (0-1)
0-1 Jan Roger Olsen
1-1 Arild Seland
2-1 Øyvind Eljarvik
3-1 Ove Strømsøy
Dommar: Sjur Oddvar Eide
Om lag 20 tilskodarar
Heilt frå fyrste minutt var det Etne som styrte kampen. Dei fekk det eine hjørnesparket etter det andre, men klarte ikkje å setja ballen i mål. Elleve minutt ut i fyrste omgang vart det raudt kort til ein Stegabergspelar og Etne fekk straffespark, men heller ikkje det fekk dei i mål. Etter tjueto minutt fekk Stegaberg frispark og Jan Roger Olsen stussa ballen i mål. Etter dette var det som om Etne mista all fart, og dei siste10 minutta før pause brukte dei alle krefter på å forsvare seg.
Lukka snur
I andre omgang hadde Etne funne igjen farten og dei tok kontrollen frå start. Etter tolv minutt klarte Arild Seland å få ballen i mål. Dette gav laget ny giv. Dei gjekk på og låg heilt oppe og pressa gjestenes forsvar. Etter eit skot som vart redda på strek og som på returen gjekk like utanfor mål, vart det igjen scoring. Denne gongen var det eit flott samspel mellom to tidlegare Skånevikspelarar som førte heimelaget opp i leiinga. Torgeir Tungesvik la inn til Øyvind Eljarvik som vann i lufta og sette ballen i nettet bak Asbørn Olsen. Berre minuttar før full tid kunne heime publikum atter ein gong sleppa jubelen laus. Denne gongen var det Ove Strømsøy som fekk lurt ballen inn bak Stegaberg si målvakt. Etne gjekk av banen med tre nye poeng i lomma og er nummer ein på tabellen.