Trua med brødkniv

I 01-30-tida natt til søndag trua ein etnebu i slutten av 30-åra med ein brødkniv […]

I 01-30-tida natt til søndag trua ein etnebu i slutten av 30-åra med ein brødkniv utanfor kebaben i Etne.
— Han ropte og skreik, men det er usikkert om han direkte trua nokon. Når politiet fekk melding var situasjonen under kontroll og mannen hadde kasta kniven frå seg. Kort tid etterpå vart personen pågripen, opplyser operasjonsleiar Rune Hollekim ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.
Mannen vart sett i varetekt og skulle avhøyrast søndag kveld.