Tryggare vegar

I det allereie langt framskridne vintermørket stig faren for tragiske ulykker som ofte fører med […]

I det allereie langt framskridne vintermørket stig faren for tragiske ulykker som ofte fører med seg mykje smerte og økonomiske tap for heile samfunnet. Vegdirektoratet har nyleg gjennomført ei undersøking om kor mange som blir skadde grunna manglande gang- og sykkelstiar. Ulykkene skjer på bygda,, slår dei fatst. Samstundes veit me at dei fleste ulykkene skjer på skulevegen. Me trur det kan vera ein god tanke å kombinera bygging av gang- og sykkelstiar med framføring av breiband der det går an.
Me er nøgde med at representantar for dei folkevalde denne veka sjølv opplevde korleis det er å vera syklist på strekninga Ølen- Ølensvåg. Ingen av politikarane er i tvil om at strekninga mellom dei to bygdene ikkje er eigna for dei mjuke trafikkantane.

Reguleringsplanen for gang- og sykkelveg langs stamvegen mellom Ølen og Ølensvåg er godkjent, men byggemidlane er enno ikkje på plass. Dette er Vegdirektoratet sitt ansvar. Midlane kjem frå stamvegmidlar. Men ingen midlar frå den potten er øyremerka til bygging av gang- og sykkelveg mellom Ølen og Ølensvåg. Prosjektet ligg i Haugalandspakken og vil verta finansiert med bompengar.

Eit anna prosjekt som bør få full merksemd og høg prioritering, ikkje minst frå fylkestinget, er Stordalsparsellen som må tilbake til der han var før fylkesmynde valde å prioritera ein annan viktig del av E134 gjennom Rullestadjuvet, og omprioriterte midlane. No er det på tide å huska det dei har lova.