Unge krefter på Rodin

Ekteparet frå Etne og Sotra har vore på plass bak disken på Kafé Rodin i […]

Ekteparet frå Etne og Sotra har vore på plass bak disken på Kafé Rodin i Etne i vel ei veke, og dei er godt nøgde med responsen så langt.
— Det har vore bra besøk, slår dei fast, og håpar det held fram slik.
Brekke er utdanna kokk, og han har med seg erfaring som kjøkkensjef frå ulike stader. Nyleg reiste han frå jobb på det populære Byrkjedalstunet i Dirdal for å ta over kaféen i heimbygda. Med litt overtaling fekk han også med seg kona, som kjem frå jobb som barne- og ungdomsarbeidar. Men ideen om å ta over Rodin kom ikkje heilt spontant.
— Eg heldt på å kjøpe då staden var lyst ut for sal for fire år sidan. No fekk eg tips om at den var for sal igjen. Det er ein draum å få drive for seg sjølv, seier Brekke.

Torsdagskomler
Kvardagsmat og god norsk tradisjonskost er det han både likar og kan best, og det er det han kjem til å servere på Rodin. Han lovar mellom anna skikkeleg gode komler om torsdagen. Paret satsar på at alle faste gjester, lag og organisasjonar vil halde fram med å bruke staden, som vil bli driven i omtrent same stil som før. Små justeringar blir det likevel.
— Me vil setje vårt preg på kaféen, seier Nordvik, og lovar lett oppussing.
Dei to er glade for å ta over ein kafé som allereie har eit godt innarbeidd namn og rykte.