Eg vil tippa det er ca ein kilometer lang gang som dei spring kvar dag i full fart, det vil seia ein kilometer begge vegar. Eg trur ikkje dei ville arbeidd under dei forholda dei som har teikna bygget. Kjøkken og stova er i den eine enden, og so kjem då soveromma lengst inne, og det er jammen langt. No er det seks, eller nokre fleire, ferdige einerom som dei først flytta inn i, men som dei no er flytta ut or, og no står dei tome!
Hadde dei vore litt tenksame her i styrelsen, so kunne dei leigt
vekk romma til slike som kan stella seg sjølv, for det er gode rom og ein fin plass. Husleiga er no visst over 5.000 kroner òg.
Eg trur dei som styrer snart burde vakna og så kva veg det ber.
Sina Hardeland