Urealistiske mål for Vindafjord

Åtte sengeplassar i eldreomsorga er lagde ned, fleire står truleg for tur. Uansett blir det […]

Åtte sengeplassar i eldreomsorga er lagde ned, fleire står truleg for tur. Uansett blir det eit øksehogg i det kommunale tilbodet som vil smerte. Difor kan ein stille spørsmål om det er klokt av politikarane å ta ytterlegare mange millionar ut av drifta for å bruke dei på andre ting enn basistenester som skule og omsorg.

Det er ille nok, og kanskje vanskeleg å forstå, at den nye kommunen må kutte 12-14 millionar kroner for å få økonomien i balanse. Intensjonen er også å dra aksjeutbyttet frå Haugaland Kraft ut av drifta og bruke det på andre ting. Det handlar om over sju millionar kroner i året som kan bli plassert i eit fond.
Når ein i tillegg vil skaffe kommuneskuta eit overskot på over åtte millionar kroner, kan ein stille spørsmål ved realismen.
Når ein veit kva det vil koste av bråk og tapte velferdstilbod, har politikarar som vil flotte seg med mange millionar i overskot, neppe ei god sak hos folk flest. Sjølv om det er snakk om fire år, er det ganske urealistisk å kutte svimlande 28 millionar kroner.

Avtalen om eit årleg fast aksjeutbytte på vel sju millionar kroner frå Haugaland Kraft går ut om fem år. Ein kan gjerne ta ein diskusjonen om det er rett eller trygt for den kommunale økonomien å ta desse pengane direkte inn i drifta. Men ei bekymring kan ein leggje til side; det er liten grunn til å tru at aksjane vil gi mindre inntekter til Vindafjord etter 2011.
Vindafjord bør skaffe seg ein sunnare økonomi enn dei to gamle kommunane hadde. Men politikarane kan først som sist justere ambisjonane kraftig ned.