Urframføring i Etne

— Åh, det var så bra, seier Malin Kleppe (16) etter konserten. Saman med venninnene […]

— Åh, det var så bra, seier Malin Kleppe (16) etter konserten. Saman med venninnene Kari Husabø (17) og Lisa Fosse (16) hadde ho reist heilt frå Bergen til Etne for få med seg konserten med The National Bank på Fugl Fønix onsdag.
Sidan dei tre jentene er under 18 år, har dei problem med å komma inn på konsertar, men med eit eige merke for dei under 18, fekk dei tre bergensarane sleppa inn på Fønix.
— Me har prøvd mange gonger, men det er alltid 18 års grense. Me har sikkert venta på det i eit år. Det er så gøy nå, seier Kari.
— Det var veldig verdt turen. Me kunne reist lenger, fastslår Lisa.

Stas med nye låtar
Dei karakteriserer albumet til The National Bank som «sinnssjukt bra», men gjekk heller ikkje av vegen for det nye materialet.
— Dei nye låtane var dritbra dei òg, seier Kari.
Jentene såg ikkje ut til å vera åleine om å lika seg på konsert. Publikum dansa med til rytmane, eller lukka augo til rolege parti og slappa av og naut musikken.
— Det var veldig bra. God stemning og godt oppmøte, seier Cecilie Stokkedal (19 frå Etne.
Nytt låtmateriale var heller ikkje noko minus.
— Det var iallfall stas med tanke på at det er her i Etne. Det var interessant, eg har lyst å høyra meir av det, seier Stokkedal.

— Ein oase
Tysdag og onsdag øvde The National Bank inn nytt låtmateriale på Fugl Fønix. Under konserten onsdag fekk publikum i Etne som dei aller første høyra fire nye låtar.
— Det var heilt topp, seier frontfigur Thomas Dybdahl til Grannar om konserten.
The National Bank er sett saman av Thomas Dybdahl, brødrene Lars og Martin Horntveth frå Jaga Jazzist, Nikolai Eilertsen frå Big Bang og Morten Qvenlid som har spela med Bertine Zetlitz og Suzanna & The Magical Orchestra.
Dybdahl har opptredt fleire gonger i Etne.
— Det er ein liten oase her der det ser ut som at dei har dyrka det å ha bra musikk jamleg og det ser ut som at folk set pris på det, seier Dybdahl.
Konsertlokalet på Fugl Fønix er intimt, og Dybdahl meiner det set ekstra strenge krav til dei som er på scena.
— Eigentleg likar eg dei kontrastane. Det er det som gjer det så spennande, det å gå frå 50 personar i Etne til 1500 i Oslo. Alt har sine fine sider. Her ser ein folk i trynet, og det er ei eiga nerve ved at alle ser kva du gjer. Ein må prestera, det er lett gjennomskueleg, seier Dybdahl.
Om lag 120 billettar blei selde. Det er ikkje fullt hus, men Liv Jorunn Rygg i Kulturlokomotivet seier dei er nøgde med det på ein onsdag kveld.