Usikra barn i skulebuss

Foreldre i Vikebygd har sidan i haust slåst for å få sikkerheitsbelte i bussen. Ulukka […]

Foreldre i Vikebygd har sidan i haust slåst for å få sikkerheitsbelte i bussen. Ulukka måndag har ikkje gjort kravet mindre aktuelt. Dei minner om at bilførar får bot dersom borna ikkje er sikra med belte. Men når det er snakk om skulebuss, er det greitt at dei blir slengde rundt som potetsekker dersom det skulle skje noko.
Det står i vegtrafikklova at det skal vera forsvarleg sikring, men eldre bussar har fritak frå kravet.

Spørsmål rundt tryggleiken for barna i skulebussen har hamna i ein politisk og byråkratisk runddans. Ølen kommune har vist til Rogaland fylkeskommune som er ansvarleg for skuleskyssen. Dei sende saka vidare til selskapet Kolumbus som utformar båt- og busstilbodet i fylkeskommunen. I følgje Kolumbus har dei ikkje pengar til auka skyssutgifter for elevane. Dei sende derfor ballen over til transportøren HSD.

Så langt ser det ikkje ut til at nokon vil ta ansvaret for tryggleiken til barn når dei følgjer skulebussen. Utan at me kjenner til korleis det er andre stader, tippar me at tilfellet i Vikebygd ikkje er eineståande. Me oppfordrar foreldra i Vikebygd til å stå på og gå vidare med saka. Dei må ikkje gi seg før dei har fått nokon til å ta ansvar for barna. Barna er det mest dyrebare me har og ingen må få lov til å skyva eit forelda regelverk føre seg i sitt avslag på tryggleik. Dette handlar som alt anna i dette landet om pengar. Det vil seia mangel på pengar. Men det held ikkje. Barna må sikrast. Me ville ikkje vore i politikarane sine bukser dersom uhellet i Vikebygd hadde fått alvorlegare følgjer og tap av barns liv.