Utruleg, men sant!

Valnemnda består av tre medlemmer og har som oppgåve å finna kandidatar til styre. For […]

Valnemnda består av tre medlemmer og har som oppgåve å finna kandidatar til styre. For å kunna ha tillitsverv i E-laget må ein vera huseigar å ha fast tilknyting til E-laget sitt kraftnett.
Vedkommande var huseigar i det året han vart inn i valnemnda, men seinare selde han og flytte i leilegheit. Men han er óg eigar av ein eigedom ein annan stad i bygda, som sikkert har betalt sitt innskot i pengar i, eller utført pliktarbeid som var aktuelt den tid ein bygde ut kraftnettet i åra 1949-50.
Årsmøte i representantskapet i 2004 gjorde ikkje noko med detta då, men valde inn ein ny medlem som bur i garden sitt kårhus, og er etter regelverket tvilsam til å ha tillitsverv slik som formannen tenkjer og handlar.
Vedkommande fekk i god tid klar beskjed om ikkje møta i valnemnda. Han krov då skriftleg oppseiing, men det fekk han ikkje av formannen. Han tok kontakt med formannen i styret, men nei, heller ikkje driftsledar ville ha noko med saka.
På årsmøte tok underskrevne fatt i saka og protesterte på den avgjersla formannen hadde tatt, og meinte at det er berre årsmøtet som kan ta ut ein tillitsvald og velja ein ny.
Men, formannen sto på sitt, at detta styrte ho! Merkeleg? De som er representantar sov dei timen, eller tenkte de meir på middag, eller dei tusen kronene som er løn for ein slik kveld, for ingen tok ordet i denna saka.
Sjølv hadde eg eit forslag : utsett valet til ekstra årsmøte (som skal haldast for ei anna sak) der ei samla valnemnd legg fram sine kandidatar. Detta forslaget vart nedstemt.
I tillegg hadde eg skriftleg stilt ein del spørsmål angåande drift og bruk av økonomi og fekk greie svar. Eit spørsmål gjekk på nettleiga, men der var ingen ting å henta. Eit anna spørsmål var om ei utanlandsreise kor der var brukt 180.000 kroner, og om lag 30.000 i eigenandel var nemnt. Eit anna forslag eg stilte, var å redusera godtgjersla for tillitsvalde frå 80.000 til under 15.000 kroner, men alle glade i pengar. Og det viser ved val der er ingen som seier ifrå seg eit verv. Svaret var her at «me ligg under alle andre kraftlag i godtgjersle». Det står ikkje i regelverket at Etne E-lag skal vera på linja med andre kraftlag. Der står heller ikkje at ein har rett på «frynsegode» i form av reiser, julabord eller kva det måtte vara. For alt skal dekkast av inntekter ifrå «Nettleiga», og den kunne me tenkt oss mindre.
Dette innlegg er opplysningar om kva som foregår i slike bedrifter, litt av det som ikkje burde skjedd, men der foregår og mykje positivt. Men slik er det nok i andre kraftlag og der dei føle seg suverene og forsyne seg med «frynsegode» og ikkje minst dele ut store summar av midlane til ulike lag og organisasjonar.
Kva om styre og representantskap set godt inn i vedtektene, så er der eit mulig håp om at me kan få eit reelt svar på neste rekning frå E-laget.

Torleif Børve
Etne