Uttak til countryfinale i Etne

Rogaland og Hordaland er nedslagsfeltet for denne landsdelsfinalen, men kven som helst kan melda seg […]

Rogaland og Hordaland er nedslagsfeltet for denne landsdelsfinalen, men kven som helst kan melda seg på. Dette er siste sjansen til å nå NM-finalen, og arrangementsansvarleg Per Kristian Løvli kjenner til somme artistar som har prøvd lukka i tre landsdelsuttak tidlegare.
Førebels er det åtte påmeldingar til Etne-uttaket, men erfaringane frå andre uttak syner at mange kjem og melder seg på sjølve konkurransekvelden. Det er det høve til også i Etne.
— Me har lege på rundt femten deltakarar på kvart uttak. Det er eit godt tal for å ha ein skikkeleg konkurranse, forklarer Olav Raanes, som saman med Løvli reiser rundt og arrangerer konkurransane. Dei to utgjer samstundes gruppa 2BIG, som spelar før og eventuelt etter tevlinga. Sjølve konkurransesynginga vert med lyd på boks – playback som det heiter på musikarspråket.

To rundar

Det er to økter, slik at kvar deltakar – og det er berre einskildpersonar som konkurrerer her – syng to songar. Dei kan velja frå ei fyldig liste på arrangørane si nettside, og det er ope for at dei kan koma med eigne komposisjonar eller andre forslag utanom lista. Ein lokal jury beståande av etablerte artistar, musikkjournalistar og vanleg publikum, skal vurdera artistane mot einannan. Tre, fire eller fem av dei går til kveldens finale. Vinnaren representerer Rogaland og Hordaland i NM-finalen, på Leknes i Lofoten 3. september.
Alt NM-håp er heller ikkje ute for dei som ryk ut i finalerunden i landsdelsuttaket. Det skal nemleg veljast ut ein joker blant dei rundt tjue som har nådd så langt i alle dei ni landsdelsuttaka. Denne jokeren får den tiande og siste plassen i NM-finalen.
Aldersgrensa for å vera med på countrykonkurransen er atten år. Oppover er det inga grense, og songarar godt opp i sekstiåra har vore med på fleire av uttaka. Elles er det ingen krav, anna enn at etablerte, profesjonelle artistar ikkje kan vera med. Dette er eit arrangement for å få fram og setja fokus på ukjente talent innan countrymusikken.