Varmt besøk frå regjeringa

— Eg har så tette biholer at eg høyrer berre det eg vil høyre, sa […]

— Eg har så tette biholer at eg høyrer berre det eg vil høyre, sa landbruksminister Terje Riis Johansen.
Under flyturen til Vestlandet fekk Riis-Johansen så store smerter i biholene, at flyturen til Bergen som han eigentleg skulle ta etter debatten i Etne, vart kansellert. Planen var at han skulle delta i eit ope møte ved universitet i Bergen, saman med utanriksminister Jonas Gahr Støre.
— Nå må Jonas klare seg på eiga hand, eg taklar berre bilkjøring i dag, sa Riis–Johansen, som kjørte attende til Oslo umiddelbart etter debatten.

Saueklipping
Første post på det tettpakka programmet var bedriftsbesøk ved Gilde Vest, sin avdeling i Sandeid. Her fekk ministeren mellom innsyn i dei skjerpa rutinane på sesongslakting, som fylgje av e –coli –saka tidlegare i år.
— Med desse nye rutinane har me eit av verdas strengaste slakteregime. Målet vårt er å vera best i klassen, seier informasjonssjef ved Gilde Vest, Grethe Skundberg.
Omvisninga ved bedrifta måtte ministeren gjere unna på ein knapp halvtime. Terje Riis-Johansen fekk vere med på saueslakting, og avslutta besøket med å klippe ein sau. Med seg fekk han Inge Morten Tronstad frå Etne, som i seks år har hatt saueklipping som levebrød.
— Eg overlet resten av klippinga til proffane. Det er tjue år sidan eg klipte sau sist, så det ville tatt altfor lang om eg skulle gjort meg ferdig, sa Riis-Johansen.
Fotoseansen med ministeren og sauen fekk fram smilet sjå dei aller fleste. Sauen var ikkje like komfortabel og medievant som ministeren.

Neste stopp Ølen
Utanfor Ølen senter stod dei tilsette ved Landbrukets hus å venta på det celebre besøket. Landbrukets hus har vore i bruk sidan mai/juni. Noko høgtideleg opning hadde det ikkje vore for samlingskontoret, så det passa godt at ministeren kom å ordna opp i det. Med ein spesiallaga sunnhordlandskniv skar Riis-Johansen over ei bergflette, og erklærte Landbrukets hus for opna. Opninga vart som seg hør og bør i eit regjeringsbesøk, feira med sprudlande drikke og kanapear. Sunnhordlandskniven som hadde ministerens namn inngravert, var laga av Paul Magne Storebø i frå Stord. Denne fekk Terje Riis-Johansen i gåve av styreleiar i Landbrukets hus AS, Gunnar Dalen, som takk for besøket og innsatsen.
— Eg ser at samarbeidet innan landbruket her er sterkt. Det vonar eg de vil halde fram med. Denne måten å organisere seg på har eg tru på, det er eit flott tiltak. Lukke til vidare, sa Terje Riis-Johansen om Landbrukets hus AS.
Landbruk og matministerens influensa vart meir og meir tydeleg utover dagen. Med feber som herja i kroppen var det tydeleg at forma ikkje var på topp, likevel gjorde han ein fin figur og stod løpet ut.