Forureina drikkevatn kan vera ei mykje større bakteriebombe enn bakteriar i matvarer. Utsette matvarer kan ein i det lengste skugga unna. Vatn derimot er heilt livsnødvendig. Både næringsmiddelindustrien, forbrukarar og dyr er avhengige av reint vatn.
Likevel er det langt frå alle som kan vera hundre prosent trygge på at vatnet dei drikk ikkje er forureina. Dei sentrale styresmaktene har lagt ansvaret for reint og trygt vatn over på kommunane. Det er dei som har ansvaret for at innbyggjarane til ei kvar tid har tilfredsstillande vatn.
Men slik er det diverre ikkje alle stader. I Etne er det til dømes kun dei som bur i og nær sentrum som får vatn frå utbygde vassverk. Dei andre, både i private byggjefelt og på gardsbruk, må syta for tilfredsstillande vatn sjølve.
Og det er ikkje like lett alle stader. I Etne, med alle sine morenemoar, skal det ikkje lange tørkeperiodane til før det går tomt for vatn.
Bønder i Etne krev nå at kommunen må ta ansvar og sikra dei som bur utanfor tettstadene både nok og trygt vatn. Denne vinteren med lite nedbør, har avslørt kor sårbart det er mange stader.
Me er samde med bøndene i at kommunen må ta tak i denne saka. Det er som sagt eit kommunalt ansvar å sikra vatn til alle.