Ventar bråk om kutt

— I Vindafjord klarte vi å spare eit par stillingar i pleie og omsorg etter […]

— I Vindafjord klarte vi å spare eit par stillingar i pleie og omsorg etter ein tøff prosess, og vi såg kva diskusjonen omkring ei samla demensavdeling skapte av reaksjonar i vår. Desse tala her betyr 35-40 stillingar, og 12-15 i pleie og omsorg aleine. Det ligg mykje støy i desse tala, sa varaordførar Reidar Håvås (Ap) etter at rådmannen Helge Thorheim hadde presentert hovudtala for økonomien framover.
Ut av skapet
Rådmann Helge Thorheim la fram eit budsjett for 2006 med over 13,3 millionar kroner i minus. Han foreslår å kutte vel 6,3 millionar i 2006, slik at underskotet blir i underkant av sju millionar kroner. I tillegg til kutt vil Vindafjord betale på underskot heilt fram til 2009. Seks millionar kroner av minusa i 2006, har direkte årsak i gamle Vindafjord sin kreative budsjettbalanse for 2005.
Med eit kutt på 20 millionar kroner i åra framover er det planlagt eit overskot i drifta på åtte millionar kroner frå 2009.
— Først skal vi få balanse i drifta til utgangen av 2007 og deretter er målet å skape eit handlingsrom med eit driftsresultat på to prosent, seier Thorheim.
I praksis vil det seie at Vindafjord kan ta inntektene frå eigarposten i Haugaland Kraft ut av drifta og bruke dei på andre ting. Det er eit oppdrag rådmannen har fått av politikarane på eit tidlegare tidspunkt.
Hestekur til 2010
Men for å få Vindafjord over på denne plussida, må det ein hestekur til som er verd rundt 40 årsverk. I denne sparerunden skal hestane bitast om kor millionkutta skal smerte mest og minst, og kor store dei skal vere.
Rådmann Thorheim speler no ballen over til tre politiske komitear som skal få i oppdrag å vurdere dei ulike tenesteområda fram til 2010. I praksis kva standard kommunen skal tilby innbyggjarane, og kor millionane kan sparast. Dette arbeidet skal vere ferdig til juni 2006.
— I pleie og omsorg bruker vi meir pengar enn andre kommunar vi kan samanlikne oss med. Vi må vurdere kva vi vil ha og korleis vi kan prioritere for å få det til, seier Thorheim.
Gir politikarane styring
Varaordførar Reidar Håvås er kritisk til at politikarane skal gå inn å kutte utan at rådmannen har lagt fram forslag og konsekvensar. Han stilte spørsmål om ikkje det er ei for tøff oppgåve for politikarane å gå inn i denne jobben på eigenhand.
Men der møtte han motbør av resten av formannskapet som la vekt på at det nettopp er vitsen med å vere politikarar.
— Rådmannen legg opp ei god arbeidsform der bjølla blir hengt på katten og plasserer ansvaret der det skal vere. Det er politikarane og ikkje rådmannen som skal styre. Vi er valt som politikarar og må ta konsekvensen av det, sa Dagfinn Torstveit (H).
Terje Kleiven (Tverrpolitisk liste Skjold/Vats) konkluderte med at det blir umogleg for politikarane å drive politikk når dei skal vedta budsjettet for 2006 i slutten av desember. På grunn av kommunesamanslåinga har dei ikkje eit referansebudsjett som viser kor ein brukar pengar, og kva ein kan prioritere annleis.
— Det blir umogleg for oss å endre på noko. Vi må berre godta totalsummane slik dei er. Einaste alternativet er å auke utgiftene, sa han.
Ordførar Arne Bergsvåg (Sp) karakteriserte det som eit unntaksår på grunn av kommunesamanslåinga.