Han tar utgangspunkt i reportasjen i Grannar 14. april frå folkemøte i Skjold og Vikedal, som hadde tittelen: Kritiske røyster på folkemøte. Journalisten som var på møta har etter underteikna si vurdering gitt ei grundig og balansert framstilling frå det som blei sagt på møta. Noko me også har fått tilbakemeldingar om frå fleire hald.
Haugland oppfattar reportasjen som ei negativ framstilling av samanslåinga av Ølen og Vindafjord kommunar. Det var ikkje det som var tema på møtet. Det var prosessen fram mot samanslåing dei frammøtte var inviterte til å stilla spørsmål om. I den samanheng kom det fleire kritiske spørsmål. Mellom anna til flytting av PP-tenesta frå Skjold til Vikedal og at landbrukskontoret ikkje skal vera eiga eining i den nye kommunen. Når Haugland legg skulda for dette på redaktøren, blir det som å slå på skjækene når han meiner merra.
Han har vidare bestemt seg for å meina at redaktøren er imot kommunesamanslåinga. Det får vera hans oppfatning. Men som Haugland skriv, tok redaktøren på leiarplass for fleire år sidan, før Ølen og Vindafjord hadde tenkt samanslåing, til orde for at kommunane Etne, Ølen og Vindafjord burde slåast saman.
I ein demokratisk prosess bør alle få høve til å stilla spørsmål utan å bli oppfatta som bakstrevarar. Det å stilla kritiske spørsmål, er ikkje det same som å vera imot.
Aslaug Olden Mala,
ansvarleg redaktør