Vil ha del i kraftkaka

Sandeid velforeining blei stifta for å kaste lys over tapa bygda lir når Haugaland Kraft […]

Sandeid velforeining blei stifta for å kaste lys over tapa bygda lir når Haugaland Kraft startar kraftproduksjon i Rødneelva. Velforeininga, som er sett saman av representantar for lag og organisasjonar i bygda, la fram forslag til kraftselskapet om korleis verdiar kunne førast tilbake. I 2003 sende dei ein søknad på vegne av åtte lag og organisasjonar i bygda. Gleda var stor då kraftlaget omsider sende svar om at dei ville gje 500.000 kroner øyremerka barne- og ungdomsarbeid. Like før jul blei beløpet overrekt Vindafjord kommune, noko som kom uventa på Sandeidfolket, som hadde trudd dei ville få disponere pengane lokalt.

Kjempeprosjekt
No fryktar Frank Abelseth og Svein Helge Lærdal, som har jobba med saka forbygda, at pengane kan smuldre vekk på altfor mange prosjekt. — Me meinte me burde få noko igjen sidan Haugaland Kraft får stor verdiskaping i fossen, i tillegg til at dei tar eit framtidig rekreasjonsområde, seier Svein Helge Lærdal. Han meiner utbyggingsprosjektet er eit kjempeprosjekt for Haugaland Kraft, og at dei vil dra store verdiar ut av fossen. — Det er her verdiskapinga skjer, og det er også me som får heftinga med det, framhevar han. Både Lærdal og Abelseth legg vekt på at det var Sandeid velforeining som gjorde arbeidet med kartlegginga av dei negative konsekvensane for bygdefolket, mellom anna for utviklinga av ei turistnæring. Kommunen har ikkje gjort noko kring dette.

Må vise igjen

— Me la fram forslag om at når me set noko som er av så høg verdi til disposisjon, så burde bygda få noko igjen. Me lanserte ideen og me søkte etter at me var blitt oppmoda av Haugaland Kraft, seier Abelseth. — Me kjem til å sende eit informasjonsskriv og søknad til kommunen, legg han til. Han framhevar at dei alt har hatt ein god dialog i saka med ordførar Reidar Håvås. Kommunestyret kjem seinare til å ta stilling til korleis pengane skal disponerast. — Me synst ikkje det er ei god løysing om berre rentene av dei 500.000 kronene skal delast ut. Det blir det ingenting av. Me meiner dette bør brukast på nokre få større prosjekt, slik at dei kan vise igjen. Lag og foreiningar i Sandeid bør få avgjere kva for prosjekt dette skal bli. No har Sandeidbuen sjansen til å gjennomføre prosjekt som viser igjen og som er til nytte for flest mogleg, seier Abelseth.

Mest naturleg
— Grunnen til at me gav pengane til kommunen var et me meinte kommunen i lag med organisasjonane skulle handtere dette, seier Olav Linga, administrerande direktør i Haugaland Kraft. Han meiner det var naturleg for selskapet å gje pengane til kommunen. — Det er dei som har vore vår hovudkontakt i dette arbeidet, framhevar Linga. Han legg til at han trur dei lokale vil bli prioriterte i fordelinga, og at det ikkje er intensjonen at pengane skal smuldre vekk på altfor mange. 

Frank Abelseth 
Frank Abelseth ønskjer at dei 500.000 kronene skal brukast på nokre få prosjekt, i staden for å gje litt til mange. ARKIVFOTO