Vil halda saman neste gong

Amund og Pierre gjekk opp frå Kyrping laurdag og inn til familien Håland si hytte […]

Amund og Pierre gjekk opp frå Kyrping laurdag og inn til familien Håland si hytte på Fagerskard. Der overnatta dei til søndag. På heimvegen blei dei usamde om kva veg dei skulle ta nedover.
— Me skulle gå ned Langfoss, men så kom me litt for langt mot Seljestad. Me fann ut at me måtte gå mot Langfoss igjen og gjekk opp på nokre toppar. Eg sa me måtte gå tilbake til Langfosstølen. Der var me litt usamde for Pierre fann ein sti langs eit berg, og i eit skar der skilte me lag, seier Amund.
Då var klokka i følgje politiet om lag 14.00. Amund kom ned til Langfoss søndag i 17-tida, men såg ingenting til Pierre. 18-åringen er på utveksling i Noreg og bur hos familien Håland på Aksdal. Begge gutane er fjellvande. Belgiaren blei meldt sakna rundt kl. 18.00 og eit Sea King-helikopter blei sett inn.
— Kva tenkte du då han ikkje kom ned, Amund?
— Eg blei ganske bekymra, seier Amund.
Då det blei mørkt, blei helikoptersøket avslutta og Røde Kors blei sett inn. Dei var på lyttepost natt til måndag, ifølgje Jan Erik Matre, lensmann i Etne.

I shorts
— Eg fann ein liten sti og gjekk nedover, men kom ut på eit stup og fann ikkje vegen nedover. Eg gjekk tilbake til Sandvasshytta der eg fann meg knekkebrød, men blei der berre fem minutt, seier Pierre.
— Kvifor blei du ikkje i hytta?
— Eg ville gå raskt ned, men det var veldig mørkt. Det var litt kaldt ute, men eg laga bål og venta på at det skulle bli lyst så eg kunne gå ned, seier Pierre, som overnatta ute, kledd i shorts.
Då det blei lyst, fann han vegen ned til Markhus og var nede i 08-tida. Der fekk han låna telefon for å kontakta vertsfamilien sin i Tysvær.
— Korleis hadde du det?
— Eg var ikkje bekymra for meg sjølv, men tenkte på dei andre som eg visste leita etter meg. Eg høyrde helikopter, men visste ikkje om det var for meg eller andre, men eg såg aldri helikopteret, seier Pierre.

Lærepenge
Heldigvis enda det godt og gutane vedgår at dei har fått seg ein lærepenge.
— Me har lært at me må prøva å halda saman, seier Pierre.
— Eg er samd i det, men det er ikkje alltid like lett, seier Amund.
— Eg er glad det gjekk godt, men eg har laga mykje styr og problem, seier ein småflau Pierre.
— Me tar det som ei kriseøving, seier pappa og vertsfar Svein Håland blidt, glad for å ha fått begge gutane heim i god behold.