Vil hindra fleire påkjørsler

— Me ynskjer at det blir hogd ut meir skog slik at ein får betre […]

— Me ynskjer at det blir hogd ut meir skog slik at ein får betre oversikt. Kanskje må det også setjast opp ledegjerde for å få hjorten bort frå dei styggaste plassane, seier Udmund Kjell Stengårdsbakken, leiar i viltnemnda i Etne.
Torsdag morgon låg det nok ein påkjørt hjort ved E 134 ved Mørkeli. Tal frå politiet viser at 26 hjortar eller rådyr er påkjørte på vegane i Etne, Ølen og Vindafjord sidan første januar i år. Dei fleste av desse er registrert døde. Seks er påkjørte ved Mørkeli. Dei tre siste vekene har ein hjort måtta bøta med livet kvar veke.

Farleg overgang
For nokre år sidan blei det sett opp skilt både på Etne- og Ølen-sida av Fikse for å varsla bilistar om hjortefaren, og fartsgrensa blei sett ned til 70 km I timen. I tillegg er det sett opp pålar i vegsida med refleks som skal reflektera lys frå bilane for å forstyrra hjorten.
— Fungerer desse tiltaka?
— Det er vanskeleg å seia. Hjorten har funne ein overgang ved nedkjøringa til Bjørgjo. Det er veldig farleg i den svingen. Det har vore påkjørsler i mange år i dette området, men det har drege på i fjor og I år, seier Stengårdsbakken. Han meiner at mykje innmark og god dyrka mark gjer Sørstranda attraktivt for hjorten.

Problem
— Me ser at det er eit klart problem med tanke på at det er mange ulykker og nestenulykker i dette området, seier Lars Øyre, distriktssjef i Statens vegvesen Haugaland og Sunnhordland distrikt. Vegvesenet har difor oppmoda viltnemnda til å komma med forslag for å sikra området.
— Me må vurdera tiltaka saman med involverte partar, som for eksempel kommune og grunneigarar. Me ynskjer langvarige løysingar og dersom skogen skal hoggast ut, må ein for eksempel bli samde om ansvarsforholdet, seier Øyre.

Uklare ansvarsforhold
— I utgangspunktet stiller me oss positive til alle tiltak som kan vera med og hindra at fleire dyr må bøta med livet, men det må vera opp til kvar enkel grunneigar, seier John Magne Seljelid, leiar i hjorteviltutvalet på Sørstranda. Han meiner at fareskilta som er sette opp ikkje har fungert etter intensjonane. Skiltet på Ølen-sida har aldri vore kopla til med straum.
— Det har vore problem med vedlikehald på skiltet på Etne-sida. Me vil prøva å avklara dette med vegvesenet og gjera det me kan for å få Ølen-skiltet i drift, seier han.
Lars Øyre stadfestar at det er Statens vegvesen som har ansvaret for drifta av desse skilta. Hjorteviltutvalet ynskjer å flytta skiltet som star mellom vegstasjonen og Opheim til kommunegrensa fordi dei meiner faren for å treffa på hjort er størst ved Mørkeli-krysset.

Må vita meir
Grunneigar Erling Askeland er ikkje avvisande til forslaget frå viltnemnda.
– Eg må vita kor omfattande det blir før eg kan ta stilling til tiltaket, men eg er i utgangspunktet ikkje avvisande, seier Erling Askeland. Han er ein av grunneigarane ved Mørkeli og eig på begge sider av E 134, i området der det har vore hyppige påkjørsler.
– Det er beklageleg med så mange påkjørsler, både I forhold til skader, folk og ikkje minst liding for dyr. Det vil absolutt vera ein fordel å få bukt med problemet, iallfall minska det, seier Askeland.