Vil løfta Sandeid fram

Kva initiativet ender opp som, er førebels uvisst. Sandeid Velforeining er ein førebels arbeidstittel, men […]

Kva initiativet ender opp som, er førebels uvisst. Sandeid Velforeining er ein førebels arbeidstittel, men det kan vera at ein landar på ein annan organisasjonsmodell og kanskje eit heilt anna namn. To i interimsstyret arbeider i Nordsjøen. Difor kan ikkje sekstetten samlast fulltalig før oppunder jul.
— Me har fått ein del innspel. Det er kome fram ein del tankar. Mange gjer seg sine tankar i etterkant av møtet, seier Abelseth.
Sjølv synest han det er viktig ikkje å gapa for høgt, og bruka kreftene på veldig mange ting samstundes.
— Me treng å få til ei jamn, positiv utvikling. Nå er det mykje skippertakmentalitet. I staden for å vera delvis god på førti ting, så skal me kanskje prøva å vera skikkeleg gode på tre eller fem ting, synest han.
Treng meir ungdom
Abelseth er klar over at dagane er travle for mange, men han håpar likevel at fleire av dei under 30 år finn tid til å koma neste gong det er eit slikt arrangement. Når det er sagt, så synest han likevel det var flott at hundre bygdefolk møtte fram på møtet onsdag kveld.
— Dette er eit tiltak me må setja i verk for å styrka bygda. Sandeid er ein kjekk stad å bu, og me vil at ungdommane skal koma tilbake og busetja seg her, poengterer Audhild Furseth.
— Me startar med blanke ark, understrekar Sølvi Grindheim Stople, som i likskap med Gunnar Håland synest tiltaket er spennande.
— Eg synest personleg at me har ein veldig god barnehage og ein veldig god skule i Sandeid. Slike ting er viktige når folk vurderer å flytta til ei bygd. Eg synest det er viktig å få dette fram, seier Svein Nordskog.
— Det er ikkje nokre få som skal løfta mykje, men mange som skal løfta litt kvar, understrekar Frank Abelseth, som synest det er flott at ordførar Reidar Håvås kom på møtet, og leia ei av diskusjonsgruppene etterpå.
— Han er fantastisk flink til å møta fram på slike ting. Reidar Håvås er etter mi meining verdas beste ordførar når det gjeld å møta opp og vera med, skryt Abelseth.
Mest tilflyttarar
Initiativtakaren er sjølv innflyttar frå Vikedal, og han ser eit poeng i at fem av dei seks i interimsstyret, er innflyttarar. Både Audhild Furseth, Sølvi Grindheim Stople og Gunnar Håland kjem opphaveleg frå Etne.
— På byggjefeltet i Sandeid er det ei etnejente eller ein etnegut i annakvart hus, forklarer Furseth, som er ein av mange etnebuar som har gjort sandeidbu av seg.
Svein Nordskog kjem frå Imsland, medan Kjell Ove Leite er den einaste av dei seks i interimsstyret som er innfødd sandeidbu.